A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Reiserett med transporttenesta (drosjekort)

Transporttenesta er ei fylkeskommunal ordning, men kommunane godkjenner brukarar etter fylkeskommunale retningslinjer. I retningslinjene står det m a:

”Transporttenesta er meint å vere eit tilbod til funksjonshemma personar som er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming. Det er
ein intensjon å prioritere personar med varig livslang forflyttingshemming.”
 
”Funksjonshemminga skal være varig og må vare i minst 1 år for at søkjar skal kunne godkjennast. Graden av forflyttingshemming skal elles leggjast til grunn ved
vurdering av søknad, ikkje type funksjonshemming eller alder. Transporttenesta er ikkje meint å vere ei erstatning for eventuelt manglande busstilbod eller til dømes
lang veg til haldeplass eller avsidesliggjande bustad.
 

Det kan såleis godkjennast personar som ikkje kan, eller berre med store (vesentlege) vanskar kan reise med buss.
 

Kommunane kan prioritere ein søkjar framfor ein annan søkjar. Søkjar kan plasserast på venteliste. Ein brukar blir godkjend for eitt år , men ny årleg søknad er ikkje naudsynt. Ein godkjend brukar kan få oppheva si brukargodkjenning, til dømes dersom annan søkjar blir prioritert framfor, eller dersom retningslinjene blir endra.
 

Transporttenesta er eit tilbod om "dør til dør" transport med drosje eller med småbuss spesielt utstyrt for å transportere funksjonshemma. Transporttenesta er mest eit tilbod om fritidsreiser.
Transporttenesta skal ikkje nyttast ved reiser som blir betalt av andre, t d reiser til/frå lege betalt av folketrygda (trygdekontor). Eigendelen ved slike reiser skal ein betale sjølv som andre pasientar.