A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Reinhald

Reinhaldsgruppa er ein del av FDV-seksjonen, og har saman med dei driftsansvarlege det daglege ansvaret for drift og vedlikehald. Årdal kommune har innført økologisk, allergiførebuande reinhald på alle sine bygg, dvs. at vi ikkje nyttar kjemikaliar/såpe i den daglege reingjeringa.
Moderne verktøy og rett bruk gjer at reinhaldarane kan utføre arbeidet på ein enkel og grei måte og unngå belastningar og skade.
Årdal Kommune har definert reinhald som ein samarbeidsprosess med delt ansvar mellom reinhaldar og brukar. Vi nyttar MSO (Miljøserviceledernes Organisasjon ) sin innemiljøstandard som grunnlag for reinhaldet i kommunen. Denne standarden er verdibasert, og legg vekt på å førebyggja problema og tenke heilskap.
Vi driv kontinuerleg kompetanseheving og utvikling, og reinhaldsgruppa har sjølve jobba fram organisasjonsmodellen vår, Årdalsmodellen, som er ein innovativ, fleksibel og lærande organisasjon. Vi har fokus på helse, miljø/trivsel, haldningar og økonomi.
Reinhaldarane har ein variert arbeidsdag, og rullerer mellom bygg og arbeidsoppgåver etter faste oppsett. Organiseringa vår gjer at vi raskt er i stand til å tilpasse oss omgjevnad når det skjer endringar rundt oss. Og det gjer det stadig vekk.
Auka handlingskompetanse har gjort at gruppa har utvikla seg til å vere stolte over yrket sitt, og er kreative medspelarar som deltek aktivt i planlegging av eigen arbeidsdag, og kjem stadig med forslag til justeringar og forbetringar av organisasjonen.