A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Politikk/Reguleringsplanar

Reguleringsplanar

Reguleringsplanar
er detaljerte planar med tilhøyrande føresegner som regulerer bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader, for bestemte område i kommunen. Planane kan omfatte eit eller fleire formål.

Det er etter ny lov to typer reguleringsplanar - områderegulering og detaljregulering. Områderegulering blir brukt av kommunen der det er behov for meir områdevise avklaringer av arealbruken. Private aktørar har rett til å fremje framlegg til detaljregulering. Eit krav etter lova er at private aktørar og kommunen skal ha eit oppstartsmøte for å avklare problemstillingar knytt til planen og eventuelt behov for konsekvensutgreiing (KU).

Vedteken reguleringsplan gir rettsgrunnlag for gjennomføring av tiltak og utbygging, og eventuelt ekspropriasjon.
Føresegnene om reguleringsplanar finst i
kap. 12 i plan- og bygningslova.

Reguleringsplan og utbyggingsplan
er plantypar etter gamal plan- og bygningslov. Planar etter både ny og gamal plan- og bygningslov vil forsette å eksistere side ved side inntil ein plan blir oppheva ved vedtak eller blir erstatta av ny plan.

Gå inn på www.sognekart.no og du får tilgang til reguleringsplanar som gjeld i Årdal kommune.

Tips ein ven Skriv ut