A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Rådmannen informerar

Stig Stark-Johansen crop

I Årdal vil vi snart merke stor aktivitet i og rundt fire av vegtunellane i kommunen. 

Tunellane skal utbetrast og skal bli tryggare for oss trafikantar. I nokon år framover må vi førebu oss på at det ikkje blir like enkelt som i dag å køyre mellom Årdalstangen og Øvre Årdal, mellom Seimsdalen og Årdalstangen og mellom Årdalstangen og mot kommunegrensa til Lærdal. Spesielt vil dei som bur i Seimsdalen oppleve at det blir litt vanskelegare å ferdast – men i hovudsak skal arbeidet skje om natta, slik at daglege gjeremål ikkje skal verte hindra. 

Tidleg på våren vil det bli arrangert eit folkemøte på Årdalstangen – og da vil prosjektleiarane vere meir konkrete på framdrifta.

Ordføraren og administrasjonen i Årdal kommune har hatt eit møte med dei ansvarlege for oppgraderinga av dei fire tunellane, Steiggje-, Finnsås-, Kolnos- og Seimsdalstunellen. På grunn av at Statens Vegvesen er i ferd med å overføre desse vegprosjekta til Vestland fylkeskommune, har det blitt noko forsinka.

Dei tre tunellane Steiggje, Finnås og Kolnos vert sett på som eitt prosjekt. Det vert rekna med at ein skal bruke rundt eitt og eitt halvt år med sprenging for utbetring i første tunell. Så vil det vere om lag eitt år med elektroarbeid.
Vegentreprenørane startar med Steiggjetunellen, så Finnsås og så Kolnostunellen. Sprengingar vil bli utført på nattetid – mellom midnatt og 05.30. Da blir tunellane heilt stengt, men det blir ei kolonne 02.30 til 03.00. Det skal vere muleg for politi, brannvesen og ambulansar å passere utanom kolonnen. Kan bli noko stenging på dagtid og. Oppstart av arbeidet i Steiggjetunellen vert truleg før ferien.

Når arbeidet med Steiggjetunellen vert sett i gang, vil kommunen prøve å nytte høve til å samtidig sette opp dei planlagde gatelysa frå Årdalstangen til Loi. På deler av denne strekninga har kommunen behov for å nytte vegbana når det skal arbeidast ved turstien.  

I Seimsdalstunellen er det forventa oppstart av arbeidet etter fellesferien. Ein reknar med at det vil ta to år frå oppstart til ferdigstilling. Det vil kome meir informasjon på folkemøtet om alternativ transport og beredskapsløysing for Seimsdalen.

Årdal kommune har arbeidd på spreng for at kommunen og andre skal kunne nytte steinmassen som vil bli tatt ut av tunellane, men dessverre vil det meste av tunellmassane bli tømt på fjorden i Seimsdalen. Noko av massane vil bli nytta av det lokale knuseverket på Brennborg. Det skal også lagast fire nye skredsikringar ved Årdalstangen. Så er det slik at ein del massar skal plasserast ved innløpet til Finnsåstunellen ved Årdalstangen. Dette er massar som seinare kan takast ut.