A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Psykisk helsevern

Psykisk helsevern i Årdal kommune held til i Tangevegen 14 på Årdalstangen. Her har ein bygd opp eit senter med tilbod om ulike aktivitetar. I tillegg har ein innreia 6 leilegheiter i andre etasje som skal vere eit tilbod til brukarar som i periodar kan ha behov for tettare oppfølging og hjelp.

Målsettinga til tenesta er at:

  • Kvar og ein som nyttar tenestetilbodet skal kjenne seg respektert, sett og forstått
  • Brukarane skal oppleve tryggleik, omsorg, tillit og glede
  • Brukarane skal vite at dei bestemmer over eigne liv og at dei er med å forme tenestetilbodet dei er brukarar av

I tillegg ynskjer me å gje brukarane eit fullstendig tilbod ut frå kjennskap til den einskilde sine personlege mål, ressursar og problem, samt koordinera desse slik at brukarane får ei god oppfølging og faren for tilbakefall vert redusert.

I dag er det tilsett totalt 6 personar i denne tenesta. Av desse er det 1 sjukepleiar, 1 vernepleiar, 1 sosionom, 1 barnevernspedagog, 1 hjelpepleiar og 1 barne- og ungdomsarbeidar. Totalt er 5,6 årsverk tilknytt tenesta.

Sosialt samvær og aktivitetstilbod Tysdag og torsdag 10.30 - 14.30. Her kan du få noko å bite i og ein kaffiskvett. Du kan og delta i aktivitetar som såpe- og lysestøyping, handarbeid, silkemåling, smykkelaging og flugebinding.

Tenesta tilbyr hjelp og oppfølging til brukarar i heile kommunen og arbeider tett saman med til dømes Indre Sogn psykiatrisenter, trygdekontoret, a-etat, kommunen si eiga sosial-/ barnevernteneste og heimesjukepleieteneste.

Me har eige trimrom med ulike treningsapparat og dartspel. Brukarane av senteret kan og nytte datarommet vårt. Dei som arbeider i tenesta er tilgjengeleg store deler av døgnet på kvardagar og i tillegg 8 timar laurdag og sundag.

Treng du hjelp?

Er dagen for stri eller du slit med psykiske vanskar kan du få hjelp. Blant anna:

  • Samtaler (individuelle og familie)
  • Støtte og hjelp i heimesituasjonen
  • Etablering av kontakt med andre hjelpeinstansar
Kontaktperson fagansvarleg Telefonnr. Mobilnr. E-postadresse
Ane Lise Steinheim 57665105  

anne.lise.steinheim@ardal.kommune.no

Kontaktadresse   Postnr. Poststed
Tangavegen 14    6885  Årdalstangen

Føremål med tenesta

Gje brukarane eit fullstendig tilbod, ut frå kjennskap til den einskilde sine personlege mål, ressursar og problem, koordinere desse, slik at brukarane får ei god oppfylging. Dette for å fremje sjølvstende, kjenne at ein høyrer til og styrke evna til å meistre eige liv.

Kven får tenesta

Psykisk helsevern

Kontaktinformasjon

Telefon: 57 66 51 05
Besøksadresse : Tangevegen 14