A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Helse og omsorg/Helse/Psykisk helseteneste

Psykisk helseteneste

Tenesta gjev tilbod til dei som opplever livskriser, har psykiske plager og lidingar, og-eller rusutfordringar. 
Personer og pårørande med behov for kontakt med psykisk helsearbeid kan ta kontakt med tildelingskontoret. Det er ikkje behov for henvisning frå legen for å ta kontakt, men legekontoret kan eventuelt hjelpe til med å formidle kontakt.

Andre delar av det offentlege tenesteapparatet kan også opprette kontakt med tildelingskontoret.

Me tilbyr:
- Støttesamtalar
- Trening og andre aktivitetar 
- Musikkterapi
- Medisinutlevering 
- Dagsentertilbod kvar torsdag i Rådhuset
- Hjelp med å opprette kontakt med andre delar av tenesteapparatet
- Samarbeid med andre kommunale tenester
- Samarbeid med spesialisthelseteneste

Alle tilbod er gratis.
Me tilbyr teneste til både barn, ungdom og vaksne.

Tildelingskontor 57 66 50 50

Avdelingsleiar psykisk helseteneste: Helga T. Hundere tlf 906 99 752 

Tips ein ven Skriv ut