A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Psykiatrisk sjukepleiar, 100% fast

Ledig stilling

Ledig 100% stilling som psykiatrisk sjukepleiar i psykisk helseteneste. Tilsetjing frå snarast. Tenesta gjev tilbod til dei som opplever livskriser, har psykiske plager og lidingar, og- eller rusutfordringar.
Søknadsfrist 06.05.2018.

Arbeidsoppgåver
*  Individuelle støttesamtalar. 
*  Miljøterapeutiske tiltak i heimen for å meistre dagleglivet, både for å førebygge og for å redusere problemutvikling.
*  Dagsentertilbod, der ein saman med andre bidreg til sosialt fellsskap. 
*  Tverrfaglig samarbeid kommunalt, interkommunalt og inn mot spesialisthelsetenesta.
*  Stillinga er knytta til eit kommunalt heildøgnsbemanna butilbud til pasientar med psykiske lidingar og rusproblematikk
 
Me tilbyr
*  Ei teneste som er i endring og utvikling.
*  Ein spanande og utfordrande arbeidskvardag
*  Godt arbeidsmiljø
*  Godt samarbeid med andre tenester
 
Tenesta har høg grad av tverrfagleg kompetanse.
Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus.
 
Kvalifikasjonskrav
Fortrinnsvis psykiatrisk sjukepleiar, andre med relevant 3- årig høgskuleutdanning kan søkje.  Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller rus vidareutdanning og/eller praksis i høve psykisk helse/rus er ynskjeleg.
 
Personlege eigenskapar
Den me søkjer etter må vere:
*  positiv, fleksibel, sjølvstendig, like å arbeide åleine og i team.
*  ha evne til å skape gode relasjonar
*  kunne tilpasse deg tenestemottakar sine behov
*  fleksibel i høve raske endringar i høve arbeidsoppgåver
*  ein god motivator, ha positive haldningar og gode samarbeidsevner 
*  gode ferdigheitar i norsk, både skriftleg og munnleg.
*  ha sertifikat.
 
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Menn vert oppmoda om å søkje.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter utdanning og praksis i henhold til HTA.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Politiattest vil verte krevd.
Må ha førarkort for bil
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 06.05.2018.
 
Kontaktperson
Anne Lise Steinheim, mobil: 97763999, anne.lise.steinheim@ardal.kommune.no
Camilla Vee, Leiar verna bustader Grandane, mobil: 99 10 79 97, camilla.vee@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut