A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Nytt tilbod!

PressReader

 

 

pressreader

Hent dagens avis på biblioteket!

Med appen «PressReader» kan du no lese aviser frå meir enn 100 land på nettbrett, smarttelefon eller pc.

Velg mellom over 3000 aviser og 2000 tidsskrift på 60 forskjellige språk.

Les dei på biblioteket sine pc-ar, eller last dei ned til eige nettbrett eller smarttelefon og ta med deg heim.

 

Korleis går eg fram for å laste ned aviser ?
Last ned appen PressReader frå App Store eller Google Play. For å få tilgong til å laste ned publikasjonar i appen må du vere kopla på biblioteket sitt trådlause nettverk.

Tilgongen til å laste ned varer i 72 timer, etterpå må den fornyast i biblioteket. Du kan alltid lese publikasjonar som er lasta ned.

På reisefot? Du kan fornye leiga i alle bibliotek som tilbyr PressReader. Appen gjev deg oversikt i «HotSpot Map» om avstand til næraste bibliotek.  

Du kan opprette eigne samlingar og late appen laste ned nye utgåver automatisk. Ved å opprette konto kan du kopiere tekst, ta utskrift, lagre og dele einkeltartiklar. PressReader har eit Help Center som dekke det meste. Du kan og spørje oss i biblioteket om hjelp.

I PressReader finn du no ca 70 norske aviser og tidsskrifter bl.a. Aftenposten og Dagbladet og mange lokalaviser. I tillegg er det et godt utval av aviser og tidsskrifter på alle dei nordiske språka.

 

PressReader tilbyr aviser og tidsskrift på følgjande språk:
afrikaans, albansk, arabisk, bosnisk, bulgarsk, burmesisk, dansk, engelsk, finsk, fransk, gresk, gujarati, hindi, hviterussisk, indonesisk, islandsk, italiensk, japansk, jiddisk, kannada, katalansk, kinesisk, koreansk, kroatisk, litauisk, malayalam, malaysisk, marathi, nederlandsk, nepali, persisk, polsk, portugisisk, punjabi, rumensk, russisk, serbisk, singalesisk, slovakisk, slovensk, spansk, svensk, swahili, tagalog, tamilsk, telugu, thai, tsjekkisk, tyrkisk, tysk, ukrainsk, ungarsk, vietnamesisk, zulu

Ordninga er eit spleiselag mellom Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og elleve folkebibliotek i fylket. Det er biblioteka i Bremanger, Eid, Flora, Førde, Gloppen, Luster, Sogndal, Stryn, Vik, Vågsøy og Årdal.

Les meir om korleis du kan bruka tenesta på http://blog.pressreader.com/businessblog/use-pressreader/. Avisene og tidsskrifta finn de på http://www.pressreader.com.

Det skal vera ein grøn kaffikopp i venstre hjørne på PressReader-sida om alt fungerer.