A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Presisering av reiser - oljeplattform, sjukehus og Svalbard

Korona viruset_225x155

Det er ein del spørsmål frå dei som no kjem heim frå plattform, om reiser til/frå sjukehus, og reiser frå Svalbard.
Her er difor ei presisering av restriksjonane me har lokalt:

Plattform
Kjem du frå plattform i norsk sokkel og det ikkje har vore smitte på plattformen, eller du har gjennomført karanten der - og du reiser direkte heim uten å bruke offentleg transport, er innom hotell, bensinstasjon, kiosk, butikk osv. og har minimal kontakt med folk på vegen heim til Årdal -  så treng du ikkje karantene.

Sjukehus
Har du vore på sjukehus til undersøkelse/behandling med direkte rute mellom heim og sjukehus - det vil seie ingen stopp på vegen, og ikkje nytta offentleg transport.  Så treng du ikkje i karantene (gjeld og sjukhus utanfor fylket).

Behandlingsopphald
Har du vore på behandlingsopphald på til dømes Hauglandssenteret, Hagavik m.m. så må du i karantene.

Svalbard
Det er pr. i dag ingen karanterestriksjonar for dei som kjem frå Svalbard dersom dei reiser direkte frå flyplass og heim - utan å stoppe på bensinstasjon, kiosk, hotell osv. som nemnt i punkta over.