A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Presisering av oppheving - lokalt karantenevedtak

Korona viruset_225x155

Sjølv om lokalt karantenevedtak er oppheva frå i dag 22. mars så presiserer me at dei nasjonale karantenekrava gjeld om du til dømes kjem frå utlandet.
Det kan òg vere at din arbeidsgjevar har eigne karantenrestriksjonar eller reglar - til dømes har Årdal kommune fortsatt reglar som seier at du må ha vore i kommunen i 14 dagar for å kunne arbeide i tenester der ein nær brukar. 

Søndag 15. mars fatta kommuneoverlegar i dei fleste kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane vedtak om at personar som hadde hatt opphald i ei rekke andre regionar i Norge, måtte vere i karantene i 14 dagar etter innreise til kommunen. No vert vedtaka oppheva frå søndag 22. mars.
 
Kva betyr det at karantenevedtaket ikkje blir vidareført:
1. Lokale reiserestriksjonar mot alle nabofylker eller kommunar er oppheva.
2. Lokale restriksjonar på pendling og arbeidsreiser er oppheva.
3. Karantene er oppheva for alle som sitter i karantene på grunn av det lokale karantenevedtaket.
4. De må sjekke om arbeidsgjevar har andre reglar og ta kontakt med den om noko er uklart.

Opphevinga av lokalt karanterestriksjonar gjeld IKKJE personar som sitter i karantene etter nasjonale føringar som til dømes utanlandsreise, eller på grunn av kontakt med smitta eller mistenkt smitteførande person. Hald dykk oppdatert på folkehelseinstituttet sine sider. 
 
Uansett så ta omsyn for å unngå spreiing av smitte for din eigen del, men spesielt for utsette grupper - og hjelp oss å halde næringslivet i gang i Årdal. Ikkje reis på tur ut og inn av kommunen unødvendig.
 
 
 
Me vil takke alle som har stilt lojalt opp i forhold til det lokale vedtaket.
Me har fått mange gode og velbegrunna dispensasjonssøknader. Spesielt takk til anleggsnæringa som har laga gode rutiner på smittekontroll.
Me har lagt vekt på å ha ei liberal dispensasjonspraksis.
Me håpar at den bevisstheit og dei tankar alle har gjort seg rundt arbeidsreiser, fritidsreiser og generell hygiene fortsetter på same måte vidare framover.
Dei nasjonale råda i forhold til smittebegrensning er framleis gjeldande og me oppmodar dykk om å følgje dei.
 
Og me ønskjer kvarandre lukke til vidare med dugnaden.