A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Pasient og brukarombod Sogn og Fjordane

Pasient- og brukarombod er ei statleg ordning som er lovfesta i Lov om pasientrettigheter kapittel 8, og skal ta vare på pasientane og brukarane sine behov, interesser og rettstryggleik. Det finst ombod i kvart fylke. Ombodet sitt arbeidsområde er offentlege spesialisthelsetenester og kommunale helse- og sosialtenester.

Pasient- og brukarombodet er ein rådgjevande instans for pasientar og pårørande. I 2010 hadde omboda nesten 15000 førespurnader på landsbasis. Omboda er sjølvstendige og uavhengige, men har ikkje formell makt. Pasient- og brukarombodet har såleis ein uavhengig posisjon. Omboda har teieplikt og ordninga er gratis. Dei som vender seg til ombodet kan krevje å vere anonyme. Både pasientar, pårørande og helsepersonell kan ta kontakt.

Pasient- og brukarombodet kan gje informasjon om kva rettar ein har som pasient og/eller brukar i den offentlege helsetenesta. Omboda kan gje råd og rettleiing og hjelpe med å formulere og vidareformidle spørsmål og/eller klager. Omboda kan også bidra som konfliktløysar og hjelpe til i dialog med helsepersonell/sjukehus, sjukeheimar, allmennlegeteneste og andre som gjev helsehjelp og sosiale tenester.
 
Pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane
Storehagen 1
6800 Førde  
Telefon: 90246678       
E-post: sf@pobo.no  
Heimeside: www.pasientombodet.no