A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Helse og omsorg/Helse/Pakkeforløp for psykisk helse og rus

Pakkeforløp for psykisk helse og rus

Pakkeforløp skal gje deg som pasient eller pårørande eit behandlingsforløp som er heilskapleg og føreseieleg, utan unødig ventetid. Du skal få meir innverknad på behandlinga, og den skal evaluerast systematisk undervegs. Pakkeforløpane blir innført trinnvis frå 1.januar 2019.

Eit pakkeforløp startar ved at fastlegen sender ein henvisning til spesialisthelsetenesta. Årdal kommune har ansvar for å sikre at du får naudsynt oppfølgjing mens du ventar på eventuell behandling frå spesialisthelsetenesta. 

Når spesialisthelsetenesta har gjort ein vurdering og du har rett til helsehjelp, vil du få eit brev med innkalling til samtale. Vidare planlegging av utredning og behandling vil skje i samarbeid med deg. Dersom det blir vurdert at du ikkje har rett til helsehjelp, vil du motta eit brev med begrunning for avslaget.

Det vil vere forløpskoordinatorar i både kommune- og spesialisthelsetenesta, som skal samarbeide.

I Årdal kommune

For personar som allereie har ein koordinator/fagperson med tett relasjon i kommunen, er det naturleg at denne blir forløpskoordinator.

Personar som ikkje har ein koordinator kan ta kontakt med tildelingskontoret ved Kjersti Nundal.
Kjersti Nundal
Tel: 96 94 91 71
Epost: Kjersti.Nundal@ardal.kommune.no

Forløpskoordinator i kommunen har ansvar for å informere og gje råd til pasient og ev. pårørande om pakkeforløp psykisk helse og rus. Den skal sikre god samhandling mellom aktørane i helsetenesta og  heilskapleg oppfølgjing av pasienten med utgangspunkt i pasienten sine mål, ressursar og behov.


I Helse Førde:

Helse Førde har oppnemnd to forløpskoordinatorar:

Ellinor Kleppenes: 415 30 437
Sønnøve Ramsfjell: 415 30 442 

Dei har ansvar for å vere tilgjengeleg for pasient og pårørande, koordinere heile forløpet og gje råd til pasient og ev. pårørande om pakkeforløp psykisk helse og rus. 


Eksterne ressurser
https://helsenorge.no/psykisk-helse/pakkeforlop-for-psykisk-helse-og-rus

Tips ein ven Skriv ut