A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Påskehelsing frå ordføraren

God påske – Påskekyllinger i påskeegg

Til innbyggarane i Årdal - og dei som har ei tilknytning til denne flotte kommunen.

Det er ei spesiell og vanskeleg tid me går inn i no. Påsken nærmar seg. I år blir påska anleis enn ein tidlegare har opplevd. 
Eg håpar at dei som bur i Årdal får brukt hyttene sine i kommunen - og at flest mogleg kjem seg ut på tur. Samstundes må me være ekstra varsame i denne påsken - og da tenker eg både på dei 10 gode fjellvettreglane og smittevernreglane. 

Eg minnar om at det er nedlagt forbod mot å overnatte på hytter utanfor eigen heimkommune.
Årsaken til hytteforbodet er at kommunen sitt helsevesen allereie er belasta i høve koronaepidemien, og at dei må ha beredskapen på plass for å ta vare på innbyggarane som eventuelt blir smitta av koronaviruset. Dette må me alle respektere.

Eg håpar flest mogleg held seg mest mogleg i ro i eigen kommune denne påsken. Hald dykk innanfor kommunegrensene - og i allefall ikkje reiser til kommunar der det er mykje smitte. Me veit at det er mange som er smitta på Hol, Sel og på Voss. I dei store byane, som Oslo og Bergen, er det og mange med smitte. 
Utan at eg kan legge ned noko forbod, så må eg og be dykk om å vere varsam med å ta imot besøk fra stadar med smitte. Eg veit dette kan vere krevjande, særleg i påska som tradisjonelt sett er ei høgtid der familie og vener samlar seg. 

Så langt er Årdal framleis utan registrerte personar som har smitte. Det hadde vore svært fint om me hadde klart å holde det i tida etter påske. Det krev at me alle i fellesskap framleis bidreg til det gode arbeidet som de alle har teke del i sidan 12. mars og føl Folkehelseinstituttet og regjeringa si oppmoding om å halde seg mest mogleg i ro. 

Eg vil avslutte med å ynskje alle ei god påske. Gje kvarandre omsorg og ta kontakt med dei som kanskje er litt einsame, og vær gode mot kvarandre.
 
Hold hovudet kaldt, og hjarta varmt. Me kan holde saman ved å holde avstand, og vis omtanke for kvarandre.

Hilmar Høl
Ordfører