A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Administrasjon/Overordna leiing

Overordna leiing

Overordna leiing i kommunen er rådmann og to kommunalsjefar. Dette utgjer kommunen si øvste leiing med støttefunksjonar innan personalforvaltning, informasjon, helse, miljø og tryggleik (HMT), opplæring, plan og utvikling.

Rådmann Stig Stark-Johansen.

Kommunalsjef oppvekst og kultur: rådmann fungerer som kommunalsjef for desse områda.
Kommunalsjef teknisk og stabar: Svein Arve Grindhaug
Kommunalsjef helse- og omsorg: Rigmor Svanberg, ny kommunalsjef frå 1. oktober 2019 er Mette Hestetun Berg.

Oppgåver og ansvarsområde er fordelt mellom kommunalsjefane etter fylgjande prinsipp:

  • Tenestelike einingar skal som hovudregel rapportere til same kommunalsjef
  • Overordna leiing har ansvar for samarbeid og utvikling
  • Overordna leiing skal ha tverrfagleg og heilskapleg fokus
  • Kvar av dei politiske utvala skal ha "sin" kommunalsjef
  • Oppgåver og ansvar skal fordelast jamnt så langt som råd er
  • Så langt som mogleg skil ein mellom forvaltning og drift

Overordna leiing representerer hovudkontaktflata mot det politiske styringssystemet.

Tips ein ven Skriv ut