A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Over det kinesiske hav

Gaute Heivoll

Den nye boka til Gaute Heivoll er lun og tankevekkjande. Eit ektepar tek seg av fleire "åndsveike" personar i heimen som dei har fått bygd til formålet. Blant bebuarane er det ein søskenflokk på fem, som alle er åndsveike, eller er dei det? 

Ekteparet behandlar alle med godheit og respekt, dei blir nesten som ein del av familien. For dei åndsveike bur og får måltida sine serverte i romma sine oppe på loftet, medan mor, far og dei to borna bur nede. 

Eg-personen i romanen er sonen til ekteparet, ein person som Heivoll har hatt samtalar med. Handlinga spenner over eit tidsrom frå 40-åra til 1996. Vi får innblikk i små og store hendingar i familien. Heivoll sjølv seier at romanen handlar om "fødsel, om død, tap, gjenforening og det å være menneske uansett om man er åndssvak eller åndsfrisk". Han seier òg at dette er hans muntraste roman. Ein kan "humre litt oppi det tragiske".

Over det kinesiske hav - Gaute Heivoll

Tips ein ven
Skriv ut
--> Hengelås Logg inn

Opningstider

Opningstider

Dag Tid
Måndag Stengt
Tysdag 11:00 - 18:30
Onsdag 11:00 - 16:00
Torsdag 11:00 - 18:30
Fredag 11:00 - 16.00

Søndagsope:

15. og 22.desember

14.00 - 18.00

Kontakt oss

Telefon:

46 91 56 47



Besøksadresse:
Årdal kulturhus 

Farnesvegen 3
6884 Øvre Årdal

Postadresse:
Postboks 184
6882 Øvre Årdal
bibliotek@ardal.kommune.no

 

 Org.no.
954679721