Ordensreglement for Farnes skule

Vedteke  i Samarbeidsutvalet 03.12.19.

Vi vil at skulen vår skal vera ein trygg og triveleg arbeidsplass. Vi må vera venlege og syna omtanke for kvarandre. Både vaksne og eldre elevar har eit særleg ansvar overfor yngre elevar.

Mottoet vårt er: DET NYTTAR Å BRY SEG

Fellesreglar:

  • Du skal møte presis til timane, og passa på at du er førebudd til undervisninga og har med deg nødvendig læremiddel, bøker og utstyr.
  • Du skal syne god arbeidsinnsats, og gode arbeidsvaner i timane, og i høve til lekser.
  • Skulearbeid som skal leverast inn, eller framførast, må gjerast til avtalt tid.
  • Du skal ha bokbind på alle bøker og ta godt vare på alt utstyr du får utlevert på skulen.
  • Du skal visa respekt for alle på skulen, og for det andre eller skulen eig.
  • Du må vera roleg i timane, og bidra til eit godt arbeids- og klassesmiljø. Det er viktig at du ikkje uroar andre, slik at alle får gjort arbeidet sitt.
  • Du skal ikkje kalla eller plaga nokon eller godta at andre blir plaga. Det er viktig at du løyser konfliktar ved å snakka med medelevar eller dei vaksne på skulen.
  • Du må ta ansvarsveka/ordensmannspliktene på alvor og syta for at det er fin orden både inne og ute.
  • Du må følgja reglane for bruk av inne- og utesko.
  • Du skal ikkje ha med deg farlege leiker på skulen.
  • Du må ikkje ha med deg eller bruka tobakk eller rusmiddel på skulen.
  • Eting og drikking skal ikkje føregå i timane utan særskild løyve frå læraren. Tilsvarande gjeld for bruk av elektronisk utstyr.
  • Energidrikk og brus er ikkje tillate på skulen.
  • I timane skal mobiltelefonen vere avslått, og leggjast på avtalt plass i klasserommet, eller bli samla inn før du går i garderoben.
  • Det er ikkje lov å kommunisere munnleg, skriftleg eller digitalt med andre enn lærarar under prøver/eksamen.
  • Foreldra avgjer om eleven får sykle på skulevegen eller ikkje. (Forskrift til opplæringslova §12-1) Skulen rår til  at elevane kan bruka sykkel eller sparkesykkel åleine på skulevegen frå slutten av 4. klasse. Skulen oppmodar alle om å bruka sykkelhjelm. På skuleturar skal både elevar og lærarar bruka hjelm.

Barnesteget:

  • Du skal ikkje ha med deg rulleskøyter/rullebrett på skulen.
  • Det er ikkje lov å springa eller bråka i gangane/undervisningsareala.
  • Du skal vera ute i friminutta.
  • Om vinteren kan du leika deg i snøen, men snøballkasting må skje i eit bestemt område.
  • Du må ha særskilt løyve til å gå utanfor skulen sitt område i skuletida.
  • Det er til vanleg ikkje høve til å eta snop på skulen, utan ved særskilde høve.

Ungdomssteget:

  • I friminutta kan du gå frå skulen sitt område utan særskild løyve.
  • Ytterklede og utesko skal oppbevarast på tilvist plass.
  • Når du kjem utanfrå, skal du bruka tilvist inngang. Respekter klassar i arbeid når du skiftar rom.
  • Du kan berre bruka rulleskøyter/rullebrett på tilvist plass. Sikringsutstyr skal nyttast. Av omsyn til sikkerheit er det ikkje tillete å nytta motoriserte utgåver.
  • Du må passa på at sykkelen/sparkesykkelen vert parkert på rett plass og låst.
  • Ordenselevane har eit særleg ansvar for å halda orden i klasseromma/landskapa på ungdomssteget.
  • Berbare pc-ar skal vera innelåst i friminutta.

Kva skjer om me bryt reglementet ?

  • Det kan bli kravd erstatning om du skadar eller øydelegg noko som tilhøyrer skulen eller noko som høyrer til ein annan elev. Jfr. Lov om skadeerstatning. Når større ting vert stolne, blir spørsmålet om melding til politiet tatt opp med foreldra.
  • Brot på vedtekne ordensreglar for bruk av mobilt samband på Farnes skule fører til at lærartek frå eleven mobiltelefonen. Varigheit minimum ein halv dag. Dersom saka gjentek seg eller vert vurdert som alvorleg, som t.d. krenking av personar, vert telefonen dregen inn forein dag. Det vert skrive åtferdsmerknad og dei føresette vert varsla om hendinga. Føresette vert og orientert om retten til å melde saka til politiet.
  • Brot på reglane kan og føra til:
    - Irettesetting frå lærar, rektor eller andre tilsette
    - Merknad - brev heim - bortvising * - utelukking ** -skulen opprettar mobbesak***
    - Nedsett ordens- og åtferdskarakter på ungdomssteget
    - Eleven får ikkje tilbringe friminutt saman med klassen
    - Eleven kan bli bortvist frå visse område på skulen
    - Skulen kan forby at eleven forlet skulen sitt område
    - Eleven må sitje eller gå saman med ei vakt
    - Eleven må ha følgje av foreldre/ føresette på klasseturar / fellesarrangement
    - Eleven må ha følgje av foreldre til og frå skulen

Du har rett til å få forklara deg før desse konsekvensane vert tekne i bruk.

 

* BORTVISING § 2.10 i Opplæringslova:

«Kommunen kan fastsetja i ordensreglementet at elevar på klassetrinna 8-10 som alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet, kan visast bort frå undervisninga i inntil tre dagar, og at elevar på klassetrinna 1-7 kan visast bort frå undervisninga for enkelttimar eller for resten av dagen. Rektor sjølv vedtek bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Før det blir gjort vedtak, skal ein ha vurdert å bruka andre hjelpe- eller refsingstiltak. Foreldra til elevar på klassetrinna 1-7 skal varslast før det blir sett i verk bortvising for resten av dagen.»

** UTELUKKING

Rektor kan også gjera vedtak om å utelukka deg frå ekskursjonar, klasseturar eller andre fellesarrangement o.l. viss du har vist ei åtferd som tilseier at dette kan vere aktuelt.

***SKULEN OPPRETTAR EIN AKTIVITETSPLAN

I tilfelle der det blir avdekka mobbing /trakassering /bruk av vold / rasistiske uttrykk kan skulen/ medelevar / føresette be skulen om å gjere tiltak. I slike tilfelle er retten til eit godt psykososialt miljø etter §9a-3 ikkje oppfylt. Skulen kan setje i gang tiltak mot heile klassemiljøet eller mot enkeltelevar i tilfelle brot på §9a-3. Eleven kan bli tvungen til å byte skule ved svært grove mobbe- eller valdsepisodar.

KARAKTERAR I ORDEN OG ÅTFERD. § 3.7 i Forskrifta

«I orden og åtferd skal desse karakterane nyttast:

- God (G). Eleven syner vanleg god orden og åtferd.
- Nokså god (Ng). Eleven syner under vanleg god orden og åtferd.
- Lite godt (Lg). Karakteren skal nyttast berre i særhøve.

Den vurderinga skulen gir av orden og åtferd, må haldast skild frå vurdering av dei reint faglege prestasjonane. Ein skal ta omsyn til eleven sine føresetnader, og til vanleg ikkje leggja avgjerande vekt på enkelthendingar. Hovudgrunnlaget skal vera orden og åtferd hos eleven det siste halve skuleåret.

Ved fastsetjing av karakter i orden, tek ein omsyn til om eleven viser vanleg god arbeidsinnsats og følgjer ordensreglane som er fastsette for skulen. Ugyldig fråvær skal reknast som brot på ordensreglane.

Ved fastsetjing av karakter i åtferd, tek ein omsyn til korleis eleven ter seg på skuleområdet og elles når skulen har ansvaret for tilsynet med elevane. Ein skal særleg leggja vekt på korleis eleven ter seg mot andre elevar, lærarar og andre tilsette. Ein kan også ta omsyn til korleis elevane ter seg mot kvarandre på skulevegen.»

Det er fastsett nærare kriterium for fastsetjing av karakterar i orden og åtferd. Desse vert delte ut på foreldremøtet om hausten.


KRITERIUM FOR KARAKTERSETJING I ORDEN OG ÅTFERD

Eleven har god orden når:

  • Eleven tek godt vare på utdelte bøker og anna skulemateriell
  • Eleven har god orden i skulesakene sine
  • Eleven møter førebudd og presis til undervisning
  • Eleven har gode arbeidsvanar
  • Eleven syner ein god arbeidsinnsats på skulen og i forhold til lekser
  • Eleven ikkje har ugyldig fråver
  • Eleven held det reint og ryddig rundt seg både inne og ute
  • Eleven oppbevarer ytterklede/utesko på rett plass
  • Eleven ikkje kastar frå seg bos andre plassar enn tilvist
  • Eleven følgjer opp pliktene som ordenselev
  • Eleven er med og tek ansvar for at det er god orden i klasserommet eller andre område på skulen, når klassen eller gruppa forlet rommet/staden
  • Eleven ikkje brukar mobiltelefon eller andre private tekniske kommunikasjonsmiddel i timane/ med mindre det er avtalt med lærar
  • Eleven ikkje et eller drikk i timane utan løyve frå lærar
  • Eleven passar på å bruka tilvist inngang når han/ho kjem utanfrå

Eleven har god åtferd når han/ho sørgjer for at:

  • Eleven oppfører seg høfleg og viser respekt for både vaksne og medelevar.
  • Eleven ikkje forstyrrar medelevar i undervisningstida
  • Eleven viser god folkeskikk
  • Eleven kan ta til seg tilsnakk og rettar seg etter det
  • Eleven ikkje snakkar stygt/usant om andre
  • Eleven ikkje øydelegg/ eller gjer hærverk
  • Eleven ikkje plagar, trakasserer eller mobbar andre på skulen
  • Eleven ikkje viser generande framferd
  • Eleven ikkje er med på voldsom/farleg leik eller utøver vald
  • Eleven varslar vaksne når nokon blir plaga
  • Eleven varslar vaksne når hærverk blir oppdaga
  • Eleven ikkje har med seg eller brukar rusmiddel, tobakk eller snus på skulen

Dette gjeld i skuletida både undervisningstid, friminutt, skuleturar eller andre tilstellingar i skulen sin regi. Reglementet gjeld og for hendingar på SFO.

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS