A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Oppmoding frå ordføraren

Ordføraren vil oppmode alle som bur i Årdal kommune om å unngå unødvendige reiser til Bergen.

  • 1

Med bakgrunn i auka smittepress, som Bergen no opplever, oppmodar eg alle som bur i Årdal kommune om å unngå unødvendige reiser dei neste 14 dagane til Bergen eller andre områder med høgt smittepress. 
Samstundes oppmodar eg òg reisande frå Bergen, eller andre kommunar med høgt smittepress - at de tek smittevern på alvor og er forsiktige når de kjem til Årdal kommune. 

Årdal kommune ber alle studentar som kjem frå Bergen, og har delteke på arrangement der smittevernreglane ikkje har vore følgde, om å gå i sjølvpålagd karantene i 10 dagar i tråd med Bergen kommune sin oppmoding.

Hald dykk oppdatert på situasjonen på folkehelseinstituttet sine nettsider og elles minner eg alle om å ha gode vanar som førebyggjer smitte:
-Nok avstand
-Unngå å handhelse
-Ha god handhygiene
-Bli heime om du er sjuk