A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Omsorgsløn

Føremål med tenesta
Omsorgsløn er ei ordning som skal gje kompensasjon til personar som utfører særleg tyngande omsorgsoppgåver. Omsorgsløn er ikkje ei pliktmessig yting slik som tenester etter §4-2 a-d og det er difor den enkelte kommune som avgjer søknaden om omsorgsløn.

Kven får tenesta
Når kommunen skal vurdere søknad om omsorgsløn, er det mange moment som er relevante. Dette gjeld m.a om omsorgsarbeidet er særleg tyngande, om omsorgsarbeidet gjeld naudsynte omsorgsoppgåver, om omsorg frå søkjaren er det beste for den som treng hjelp, samt kommunen sine ressursar. Omsorgsløn kan verte gitt som ei påskjønning for innsatsen som vert ytt, når den overstig det som er rimeleg å forvente.
 
Korleis få tenesta
Ein søkjer på kommunen sitt søknadsskjema. Dette kan ein få på tenestetorget eller hjå sakshandsamar. Ein kan også finne søknadsskjema på kommunen si nettside.
 
Kva  omfattar tenesta
Den som vert innvilga omsorgsløn vert utbetalt ei løn kvar månad for omsorgsarbeidet ein utfører. Det vert gjort ei individuell vurdering av kor mange timar, dvs kor stor prosent stilling ein skal få løn for pr. månad.
 
Forpliktingar for brukar
Den som vert innvilga omsorgsløn får utsendt ein arbeidsavtale i to eksemplar. Desse skal signerast og det eine eksemplaret skal sendast attende til kommunen.
Oppgi alle personopplysningar samt syte for at opplysningane som vert gitt er korrekte.
 
Kva kan eg forvente av dei tilsette:
  • At du vert møtt på ein respektfull og høfleg måte
  • At du får forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.
  • At sakshandsaminga skjer på ein korrekt måte jfr. Forvaltningsloven
Pris/kostnad/tilskotsordningar
Tenesta er vederlagsfri.
 
Heimelsgrunnlag for tenesta
Lov om sosiale tenester §4-2, bokstav e.
 
Når ting ikkje fungerer
Dersom du ikkje er nøgd med den måten du vert møtt på, bør du melde frå til leiar for spesialomsorg.
 
Klage
  • Finn du grunn til å klage på vedtaket som er gjort, ta kontakt med sakshandsamar som kan hjelpe deg vidare i prosessen.
  • Klagen må vera skriftleg og skal innehalde grunngjeving for klage. Den må sendast spesialomsorg innan fristen på klage som er tre veker. 
  • Dersom du ynskjer det kan du få hjelp frå sakshandsamar til å skrive klagen.
  • Dersom spesialomsorg ikkje finn grunn til å endre på vedtaket går klagen til behandling i formannskapet i Årdal kommune. Viss dei ikkje endrar på vedtaket går det til fylkesmannen i Sogn og Fjordane for endeleg avgjerd.
Brosjyrar, anna/meir informasjon
Ein kan ta kontakt med sakshandsamar dersom ein har fleire spørsmål ang. tenesta.
 
Praktiske opplysningar
Søknad skal sendast til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen