Om skulen

91e754de33
626fdd09ca

Farnes skule vart bygd i industrireisinga på 50-talet, første byggesteget i 1956. I takt med ei gigantisk utbygging av aluminiumsindustrien, auka elevtalet, slik at byggesteg 2 stod klart i 1961. Parallelt med dette vart Øvre Årdal ungdomsskule bygd i 1961 og til slutt 3. byggesteg på barneskulen i 1965.
Seinare er det gjort mindre og større ombyggingar, sist i 1991 då ungdomsskulen vart ombygd innanfor ei kostnadsramme på 15 millionar.

I 2003 vart det gjort ei omfattande renovering av småskulesteget (1. - 4. kl.) innafor ei kostnadsramme på 29. mill. kroner. Dette var fase 1 i ei renovering av heile barneskulebygningen. Oppstart av fase 2, renoveringa av mellomsteget og administrasjonsfløyen starta januar 2009, og var ferdig våren 2010.

I 1995 vart dåverande Farnes skule (1-6) og Øvre Årdal ungdomsskule (7-9) omorganisert til ein skule med felles administrajon.

Skulen er ein 1-10 skule med omlag 370 elevar fordelt på 19 klassar.

Skulen organiserer SFO-tilbod til 90 barn.

Medrekna støttefunksjonar, assistentar og pedagogar har i alt 78 personar arbeidet sitt ved skulen.

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS