Tangen skule

Årdal kommune er omkransa av fjord og fjell, med Sognefjorden og Jotunheimen som dei viktigaste attraksjonane. Kommunen har ca. 5700 innbyggjarar som hovudsakleg er busette i tettstadane Årdalstangen og Øvre Årdal.

Tangen skule ligg på Årdalstangen, og på folkemunne vert staden skulen ligg, omtala som Cuba.

Skulen er ein 1-10 skule med 212 elevar fordelt på 10 klassar. Skulen organiserer SFO-tilbod til 50 barn. Medrekna støttefunksjonar, assistentar og pedagogar har i alt 41 personar arbeidet sitt ved skulen.

Tangen skule

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS