A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Om Årdal/Ofredal

Indre Ofredal

Indre Ofredal fortel ei sterk og tydleg historie som gjer dalen til noko meir enn ein av dalane langs Sognefjorden. Ikkje minst vasskraftanlegga er viktige og syner historia om Noreg som vasskraftproduserande nasjon. Ofredal Indre ligg nedst i det bratte dalføret Indre Ofredal som òg er kjend for den gode furuskogen sin. Husa ligg attmed Kleivefossen og har Sognefjorden (Årdalsfjorden) som næraste nabo. Gardsanlegget blir difor kalla "ne`for sjø`n".

Indre Ofredal var frå midten av 1800-talet og fram til andre verdskrig eit viktig senter for handel og næringsverksemd i heile Indre Sogn. Det var eit økonomisk og politisk tyngdepunkt i Årdal og dei 2 fyrste ordførarane var herifrå. Her var sjøbu, sagbruk og mølle frå 1900, ved sida av dei andre gardsbygningane. I dette "industriområdet" var det liv og røre med produksjon, lossing og lasting av råvarer og ferdigprodukt. Furuskogen i Ofredal har svært god kvalitet, og saman med vanleg jordbruk og fruktdyrking har dette vore levevegen for folk i Indre og Ytre Ofredal.
 
Årdal kommune har bygt bilveg fra Seimsdal til Ne`for sjø`n og rusta opp kulturvernanlegget.

På Seimsåsen har Årdalstangen Idrettslag no bygt ut sitt skisenter med skihytte og skiløyper. Anlegget står fram som eit viktig lokalt aktivitetssenter. 

Du kjem til Indre Ofredal med bil via Årdalstangen til Seimsdal og gjennom Ofredalstunnelen. Du kan òg komme via sjøvegen.

Tips ein ven Skriv ut