A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Nytt legevaktnummer frå 1. september

Frå 1. september 2015 vert det nytt landsdekkjande legevaktnummer og du må ringe sekssifra telefonnummer 116117 (uttalast:hundreogseksten-hundreogsytten).


  • 1

Det betyr at du kjem til legevakta der du oppheld deg uavhengig av kvar du ringjer frå. 116117 skal fungere både fra fasttelefon og mobil, og er gratis å bruke.

Oppgåvefordelinga mellom fastlege og legevakt vert ikkje endra. Legevakta skal berre nyttast til øyeblikkeleg hjelp som ikkje kan handterast av eigen fastlege i vanleg kontortid. Fastlegen eller fastlegekontoret du høyrer til er din hovudkontakt inn i helsetenesta.
Dersom det er mogeleg, bør du alltid ringja fastlegen først.

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringja?

Fastlegen din i opningstida telefon 57 66 52 90
Legevakt 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa  ikkje kan venta
113 når det er akutt og står om liv

Tips ein ven Skriv ut