A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Nye byggereglar frå 1. januar 2016

Frå 1. januar 2016 vert det innført nye reglar som gjere det enklare og billigare å tilpasse bustaden til utleige eller eige behov. Konkret vert det gjeve unntak frå fleire tekniske krav for endring i bueininga av t.d. kjellar til stove eller at ei bod skal endrast til soverom.


Meir informasjon om det finn du på kommunal- og regionaldepartementet si heimeside og Direktoratet for byggkvalitet.

1. juli 2015 vart det innført nye reglar for kva som kan byggast utan å søkje kommunen. Det er ein føresetnad at tiltaket ikkje er i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar (kommuneplan/reguleringsplan m.m.) eller anna regelverk. Dersom tiltaket ikkje er i samsvar med gjeldande regelverk MÅ det søkjast dispensasjon.

Oversikt over endringane finn du på Direktoratet for byggkvalitet. Dei har og laga ei rettleiing "Bygg uten å søke". Den kan hjelpe deg med å avklare om du må søkje eller ikkje.

NB! Når det gjeld oppføring av frittliggande bygningar inntil 50 m2 og tilbygg inntil 15 m2, skal tiltakshavar informere kommunen om plasseringa av bygningen/tilbygget når det er ferdigstilt, for at plasseringa skal førast inn i kommunen sitt kartgrunnlag. Saman med skjema skal det leverast teikning/kart der det kjem fram plassering, lengde/bredde og høgde på tiltaket.

Tips ein ven Skriv ut