A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ny telefoniløysing i kommunen fra 1. desember

telefon

Kommunen er i desse dagar i ferd med å gå over til ny sentralbordløysing og frå 1. desember 2016 kl. 12.30 vil me vere på mobilt sentralbord.
Hovudnummeret til kommunen vil fortsatt vere 57 66 50 00.

Torsdag 1. desember startar me arbeidet med overføring til den nye løysinga. Dei kommunale fasttelefonane vil gå ut av drift og innan 31.12.16 skal alt vere flytta og den gamle sentralen vert fjerna.

Det vil bli nye direktenummer til ein del tenester og tilsette, men mobilnummer vil vere som før. Vakttelefonar har ingen endring.
Telefonlister og kontaktinformasjon vert oppdatert.

I omleggingsperioden vil det vere lettast å få tak i tilsette og tenestene via hovudnummeret 57 66 50 00.

Legekontoret har 57 66 53 90

Tips ein ven Skriv ut