Ny rektor ved Farnes skule

Kurt Jevnaker

Kurt Jevnaker tilsett som ny rektor på Farnes skule.

Kurt Jevnaker har takka ja til stillinga som rektor ved Farnes skule. Jevnaker er utdanna adjunkt, men har det meste av yrkeskarriera si jobba i det private næringslivet. Han kjem no frå ein jobb i Sogn Sparebank der han har vore kunderådgjevar. Vi ynskjer han velkomen i Årdal kommune.