A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Om Årdal/Nundal

Nundalen

Nundalen er ein sidedal til Øvre Årdal og munnar ut i Årdalsvatnet, opp mot Øvre Årdal.

Dalen er fråflytta, men har ei historie som går attende til jernalderen. Hovudnæringa har vore jordbruk, jakt og fiske. I dalen ligg det fleire nedlagte gardar. Gardsbruka er prega av forfall.

Nundalen ligg lite tilgjengleg til, og dalen er lite besøkt. For å koma dit, må du no som før bruka båt frå vasstrondi i Øvre Årdal til munningen av dalen, der Nundalselvi renn ut.
Det er og mogleg å gå til Nundalen frå Seimsdalen.
 
Namnet vart skrive Nodale i 1330. I bygda vert namnet uttalt Nonndalen. Dei lærde gissar på at namnet kjem av eit elvenamn, Nunna.
 
Soga fortel at på det meste har 60 menneske vore busett i dalen. Nundalen hadde eigen skulekrins. Etter kvart vart folketalet mindre. Nokre utvandra til Amerika. I meir moderne tid drog fleire til industristaden Øvre Årdal. Dalen har hatt sjølvbergingshushald, men varer som dei trong utanom, bar dei opp på ryggen. Då maskinbruken kom til jordbruket i Noreg, kunne ikkje dette brukast i Nundalen. Det var for bratt og lite tilgjengeleg. Dei siste åra hadde brukarane ein sledeveg på austsida av dalen. Dei fekk ned potetene sin til sal i Årdalsbygda.
 
Som ein konklusjon kan ein vel seia at tida reiste frå Nundalen.

 

Tips ein ven Skriv ut