A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Norskkurs for arbeidsinnvandrarar og andre privatepersonar

Kurs skule

Årdal kommune ønskjer å starte norskkurs for arbeidsinnvandrarar og private på bakgrunn av at samfunnet og arbeidslivet stiller strengare krav til norskkunnskapar.

Vaksenopplæringa vil tilby kurs for nybegynnarar og/eller vidarekomne på dag- og/eller kveldstid i perioden august - desember, med mogleg forlenging. Fint om de i påmeldinga kan presisere om det er ønskeleg med dagkurs eller kveldskurs.

Det vil vere mogeleg å avlegge skriftleg og munnleg norskprøve fortløpande etter gjennomført kurs. Ved gjennomført prøve vil kursdeltakaren få eit nasjonalt prøvebevis som dokumenterer språknivå. Prøvebeviset kan nyttast som dokumentasjon dersom ein skal søke vidaregåande opplæring, fagbrevutdanning,  høgskule/universitet og/eller arbeid. 

  • Pris undervisning: kr. 6000,- 
  • Pris lærebøker og lisens til undervisning: kr. 1000,-
  • Oppstart: August 2020 (alle påmelde vil få nærare informasjon om dato, dag og klokkeslett)
  • Kurslengd: august – desember 2020
  • Stad: Sandgota 2, 6885 Årdalstangen (2.etg i Asvo bygget)
  • Påmeldingsfrist: 07.06.2020 

Me startar opp kurs med atterhald om at det er nok påmelde (10-15 deltakarar)

Kontaktinformasjon:
Bindande påmelding pr. e-post til:
veronika.bjornerud@ardal.kommune.no   
irene.klingenberg@ardal.kommune.no 

Ta kontakt for spørsmål:
Veronika Bjørnerud tlf: 459 79 529
Irene Klingenberg tlf: 911 96 844