A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

NAV og rådhuset vert stengt for publikumsmottak

midlertidig stengt

Med verknad frå måndag 16. mars vert rådhuset og NAV stengt for tilfeldig oppmøte og publikumsmottak.

Rådhuset 
Rådhuset er stengt for tilfeldig oppmøte og publikumsmottak - treng du kontakt med sakshandsamar så ring telefon 57 66 52 20 for å bli sett til rett person. Du finn også kontaktinformasjon på ein del tilsette på denne oversikten og her har me samla viktige telefonnummer.

Informasjonstelefon i samband med korona er 901 11 630.
 
NAV
Som eit førebyggjande tiltak for å redusere smittefaren av koronaviruset har NAV Årdal stengt publikumsmottak frå måndag den 16.mars og inntil vidare.
 
Dersom du treng tenester frå NAV, kontaktar du oss slik:
På heimesida nav.no – ope heile døgeret. Der kan du:
- Sjekka utbetalingar
- Søkje stønader
- Registrere deg som arbeidssøkjar
- Finna søknadsskjemaer
- Lesa om rettigheiter og vilkår for stønader
 
Dersom du alt har ein rettleiar på NAV Årdal, kontaktar du rettleiaren digitalt i aktivitetsplanen din ved behov.
 
Du kan og ringja NAV kontaktsenter (ope mellom kl. 08:00 – 15.30):
55 55 33 33 – spørsmål om dei fleste ytingar
55 55 33 36 – Telefon for arbeidsgjevarar
55 55 33 34 – spørsmål om pensjon
 
For kontakt med flyktningetenesta ring 971 04 079
 
Gjeld besøket ditt søknad om økonomisk sosialstønad / naudhjelp eller hjelp til å finna mellombels bustad, hjelper vi deg om du ringjer 404 60 333, som er betjent kvardagar kl. 10:00 - 14.00.

Papir som skal leverast NAV kan leggjast i postkasse vår på veggen ved inngangsdøra til NAV-kontoret kvardagar mellom kl. 07:30 – 15:30.