A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Om Årdal/Naddvik

Naddvik

Naddvik ligg ved Årdalsfjorden og du køyrer gjennom her når du følgjer Fv53 frå Fodnes til Årdalstangen.

Terrengformene i Naddvik er tydlege ved flater og terrassar, og terrengformasjonane dannar grunnlaget for arealplanen for dalen som gjennom denne sikrar jordbruksareala.

Innerst vert dalen strypt saman og klemd i hop av ville fjell, til den ved Skeislifossen greinar seg i 2 dalføre. Den eine fører mot Smørhola ,den andre mot Valdres eller Nysetdalen.
Vassrettane vart tidleg selde, men utbygginga kom ikkje i gang før på 80-talet og kraftstasjonen i Naddvik sett i produksjon i 1987.

Årdal og Sunndal Verk stod for kraftutbygginga, men anlegga er i dag eigde av Østfold energi a.s. Sjøen og båten var viktig for dalen og Vikadølene var kjende som dei beste sjøfolka i Årdal. Naddvik fekk vegutløysing i 1979 og skuleborna vart flytta over til Tangen skule. Naddvik har mange spor frå vikingetida med dei mange gravhaugane sine Elva deler dalen i 2 med dei 2 gardane, Vikagarden og Hovland. Som elles i Årdal hadde gardane mange husmannsplassar. Ivarsplassen er ein typisk husmannsplass for Årdal og har vernestatus gjennom arealplanen som spesialområde.

Sauedrift er hovudnæring innan jordbruket i dalen, men bær og bærdyrking har gjort sitt inntog dei seinare åra. 
 
Naddvik, eller Vikadalen som det heiter på folkemunne. Utsikt frå Paradisjuvet i Offerdalen. (foto: Årdal kommune)
Tips ein ven Skriv ut