A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Tenesteskildring

Musikk og kulturskule

Føremål med tenesta 
Årdal musikk – og  kulturskule skal i samarbeid med heimen, skuleverket og musikkorganisasjonane i kommunen ta sikte på :

  • Å legge grunnlaget for eit enno rikare musikk og kulturmiljø i lokalsamfunnet.

  • Ha som mål å gje born og ungdom fullverdig undervisning innan ymse kulturelle utrykk slik at kvar einskild elev får høve til å utvikla sine kunstneriske evner og anlegg og til å oppleve og verdsetje kunst og kultur.

  • Årdal musikk-og kulturskule vil hjelpa til å gje bygda eit positivt ungdomsmiljø ved å skapa grobotn for verdfulle og varige aktivitetar innan kunst og kultur. Komplettere og stimulere den obligatoriske musikkundervisninga i skulen, og kunne gå inn som ein del i heile skulesystemet vårt.

Rekruttering til musikkaktivitetane i kommune skal føregå i musikk-og kulturskulen. Gjeld både vokal og instrumental opplæring til kor og korps.
 
Kven får tenesta
Musikk- og kulturskulen gjev tilbod til born og ungdom opp til 20 år. Skulen har som mål å gje tilbod til alle som ynskjer det, også vaksne (ope opptak), men kan ha ventelister dersom økonomien eller tilgang på lærarkrefter tilseier dette.
Skulen gjev og tilbod til musikkbarnehageelevar, elevar i SFO og elevar med psykisk hemming
Skulen kan også selja tenester til frivillige organisasjonar i Årdal kommune.

Korleis få tenesta
For å få elevplass ved musikk- og kulturskulen, må ein søkja på eit eige søknadsskjema. Søknadsskjema med opplysningar om tilboda finn ein på heimesida til Årdal kommune. Skjemaet kan ein også få ved å venda seg til tenestetorget, skulane eller musikk-og kulturskulen.
Søknadsfristen er 15. mai for hausthalvåret og 15. november for vårhalvåret.

Kva omfattar tenesta
Undervisning: Elevane ved skulen får undervisning i den disiplinen dei er tildelte plass i. Elevane får og tilbod om å delta på ymse arrangement / konsertar i regi av skulen eller der musikk-og  kulturskulen  deltek.
 
Undervisningsform
Musikk-og kulturskulen ønskjer å undervisa i grupper der nivået og progresjonen til elevane tillet det. 3 elevar i kvar gruppe i 1 t/v ( 60 min ). Musikkbarnehage og SFO grupper kan verta noko større alt etter kva lærarar og skulen finn fram til. Einetimar vert også nytta der lærar og skule meiner dette er best tenleg.
 
Arbeidsmåtar
I tillegg til ordinær undervisning prøver skulen å tilretteleggje for prosjektarbeid på tvers av disiplinane. Dette kan vere prosjekt i saman med grunnskulen / frivillige musikkliv og eigne større oppsetjingar / musikalar
 
Prosjektveker
Somme veker kan skulen ha prosjekt å arbeida med, t.d. framsyningar av ymse slag. I desse vekene kan ordinær undervisning gå ut, timeplan oppløysast.  Tilbodet til elevane i desse vekene vert å delta på framsyningar som deltakar eller som publikum.
 
Skuleåret
Musikk-og kulturskulen følgjer undervisninga og skuleruta for grunnskulen. Det kan også verta arrangert kurs ( t.d. musikk frå livets byrjing, positivt skulemiljø o.l ).
 
Utstyr
Det vert forventa at musikkelevane held instrument og lærebøker sjølve, men skulen har ein stor park  instrument kan leigast. Nye elevar har fyrsterett til utleigeinstrumenta.

Undervisningsplanar
Det skal utarbeidast undervisningsplanar for kvar lærar / disiplin. Denne skal innehalde undervisningstid, tid til eigenøving, andre gjeremål / plikter læraren har. Planen skal underskrivast av lærar og skulen sin rektor.
 
Kva vert forventa av de tilsette

  • At dei tilrettelegg undervisninga til beste for eleven, og har kontakt med heimen om undervisninga.

  • At dei har fagleg og pedagogisk kompetanse og nyttar denne.

  • At elevar og føresette vert møtte på ein profesjonell, respektfull og høfleg måte.

  • At dei arbeider systematisk for å utvikla eleven sine kunstnarlege evner.

  • At heimen vert orientert om det er endringar av timeplan som sjukdom, fråvær og liknande.

  • Kva vert forventa av dei føresette

  • At dei samarbeider med skulen til beste for eleven.

  • At dei møter til eventuelle konferansetimar om eleven si utvikling.

  • At dei tilrettelegg for at eleven på best mogleg måte får trena og utvikla seg på sitt kunstutrykk i kvardagen som t.d. øving heime. 

  • At dei som leiger instrument som dei tek med seg heim, tek godt vare på desse.

  • At elevar som skal slutte vert utmelde skriftleg og til rett dato. Dette står på orienteringa og innmeldinga.

Kva vert forventa av eleven

  • At dei møter presist til undervisninga.

  • At dei gjev melding til læraren dersom dei vert forhindra til å møta til undervisning.

  • At dei er førebudde til undervisninga,og øver heime.

  • At dei ikkje sluttar i midten av eit semester. Om det skjer må elevavgifta likevel betalast for heile semesteret.

 Undervisningstilbod
 Musikk- og kulturskulen gjev i dag opplæring på fylgjande instrument/disiplinar:
 
Gitar, piano, keyboard, fløyte, klarinett, saxofon, kornett/trompet, horn, trombone og andre messingsinstrument
Slagverk, pauker og ulike percusjonsinstrument
Songundervisning, rock og popgrupper, bandundervisning
Musikk- og kulturskulen står òg for opplæring til skulekorpsa
Musikkbarnehage og musikktilbod/grunnopplæring til elevar i SFO-tida
 
Heimelsgrunnlag for tenesta
Opplæringslova 17.07.98 nr. 61 § 13-6: Musikk- og kulturskoletilbod : ”Alle kommunar skal åleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.”

Når ting ikkje fungerer
Dersom du ikkje er nøgd, kan du ta kontakt med læraren. Dersom du framleis ikkje er nøgd, så ta problemet opp med rektor.
Neste instans er rektor sin overordna.

Brosjyrar, anna/meir informasjon
Informasjon om Årdal musikk-og kulturskule finn de på heimesida vår: Årdal kommune.
Informasjon om kulturskulen kan ein også få ved å kontakta rektor eller sekretariatet på rådhuset.

Praktiske opplysningar
Rektor kan treffast på telefonnummer: 902 51 937, kl.0930 – 1400,

Adresse: Årdal musikk-og kulturskule, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
E-post: sigyn.oren@ardal.kommune.no
Rektor har kontor på Farnes skule i Øvre Årdal.