A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

"Mirakel" av R. J. Palacio

August Pullman er ein gut på ti år. Han oppfører seg slik som dei fleste tiåringar, og han gjer ting som dei fleste tiåringar gjer. Xbox og Star Wars er blant anna ikkje ukjent for han, og han likar å spele fotball og ete is slik som andre unge gutar. Derimot er August født med ein genfeil, som gjer at han ser langt i frå «normal» ut.

Heile livet har August blitt opplært av foreldra i heimen med tanke på å beskytte han frå verda utanfrå, men no skal han byrje i femte klasse og alt forandrar seg. Nye ungar, ny skule og nye omgivnadar. Spørsmålet er om han blir akseptert, eller ikkje. Ein normal gut med eit unormalt ansikt inntar «Beecher prep school», og alt forandrar seg.

Mirakel er ei heilt fantastisk bok, som alle burde få med seg. Både vaksne og born. Ein kjem inn i verda til ein femteklassing med nokre få unntak, og ein ser kor stygge born kan vere mot kvarandre. Uansett er boka både varm og rørande, og han vil sitte att som ei bok som verkeleg forandrar deg.

 

Tips ein ven
Skriv ut
--> Hengelås Logg inn

Opningstider

Opningstider

Dag Tid
Måndag 11:00 - 15:00
Tysdag 11:00 - 15:00
Onsdag 11:00 - 15:00
Torsdag 11:00 - 18:30
Fredag Stengt
   

 

Kontakt oss

Telefon:

46 91 56 47



Besøksadresse:
Årdal kulturhus 

Farnesvegen 3
6884 Øvre Årdal

Postadresse:
Postboks 184
6882 Øvre Årdal
bibliotek@ardal.kommune.no

 

 Org.no.
954679721