A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Miljøterapeut/Miljøarbeidar i bu- og miljøtenesta

Ledig stilling

Ledig i avlastningsbustad til barn med nedsett funksjonsevne treng vi frå snarast:  1 x 50% fast stilling som miljøterapeut, vernepleiar eller anna helsefagleg bakgrunn. 1 x 47% fast stilling.
Søknadsfrist 06.05.2018.

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. I avlastningstiltaket er det for tida turnus med lange vakter i kombinasjon med medleverturnus, med vakter på inntil 65 timar.
Turnus, arbeidsstad og oppgåver kan verta endra.
 
Arbeidsoppgåver
I avlastningsbustaden skal teamet arbeide rundt eit barn med behov for tenester. Arbeidsoppgåvene er å gje omsorg i det daglege, grensesetje og aktivisere barnet når det er i avlastning. I høve barnet sin alder er det viktig at dei som vert tilsett er stabile vaksne som kan yte god omsorg.
 
Kvalifikasjonskrav
Miljøterapeut: 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning (fortrinnsvis  vernepleiar), 3-årig pedagogisk  utdanning (fortrinnsvis barnehagelærar).
Miljøarbeidar: Fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar.
 
Dersom det ikkje er søkjarar med rett kvalifikasjon, kan andre med relevant utdanning og erfaring bli vurdert til stillingane. Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. 
Menn vert oppmoda om å søkja.
 
Personlege eigenskapar
Til teamet søkjer me personar som:
 - er gode omsorgspersonar.
 - likar å vere ute og vere i fysisk aktivitet.
 - er positive og fleksible.
 - har gode evner til kommunikasjon.
 - har empati og forståing for barn med nedsett funksjonsevne.
 - har erfaring frå arbeid med barn.
 - har gode evner til å følgje instruksar, prosedyrar og dokumentere desse.
 - har evne og vilje til tett samarbeid med pårørande.
 - kan motta rettleiing.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter hovudtariffavtalen.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg.
Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.
Må ha førarkort for bil.
 
Andre opplysningar
I avlastningstiltaket er det turnus med lange vakter i kombinasjon med medleverturnus. I dette tilfellet er medleverturnusen lagt opp til vakter på inntil 65 timar.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda 
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
 
Søknadsfrist 06.05.2018.
 
Kontaktperson
Ann Kristin Midtun, Avdelingsleiar, mobil: 97519172, ann.kristin.midtun@ardal.kommune.no
Helen Koldal, Ass. kommunalsjef, mobil: 99018532, helen.koldal@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut