A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Miljøterapeutar

Ledig stilling

Ledig tillingar i Grandane bufellesskap, søknadsfrist 09.03.2020
1 x 100 % fast stilling som miljøterapeut frå 01.04.20
1 x 80 % fast stilling som miljøterapeut frå 01.05.20

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Tiltaka har turnusordningar med utvida arbeidstid f.t. 13 timars dagvakter og 11 timars nattevakter, med arbeid kvar 3. helg. Enkelte dagar jobbar ein normal arbeidstid på 7 timar.
 
Grandane bufellesskap, ny heildøgns bustad:
2 x 100 % stilling som miljøterapeut/miljøarbeidar
 
Det er turnusarbeid med til einkvar tid gjeldande turnus. Pr. i dag er turnus kombinasjon med døgnvakter (medlever) og lange vakter. Det vil bli endring på turnus i løpet av 2021. Arbeid kvar 3. helg vil halde fram. 
 
Arbeidsoppgåver
Grandane bufellesskap er eit forsterka bufellesskap med fleire bueiningar. Arbeidsoppgåver er dagleg omsorg og miljøterapeutisk arbeid i tenesta til den enkelte. Den som vert tilsett skal tilretteleggje og delta i bebuarane sine aktivitetar, både arbeid og fritid/fysisk aktivitet. 
 
Arbeidet består også av praktiske gjeremål i bustad og andre oppgåver delegert frå leiar. Bebuarane er unge vaksne som har eit ynskje og behov for eit aktivit og innhaldsrikt liv. Dei som vert tilsett må hjelpe bebuarane med dette. 
 
Kvalifikasjonskrav
Grandane bufellesskap er eit forsterka bufellesskap med fleire bueiningar. Arbeidsoppgåver er dagleg omsorg og miljøterapeutisk arbeid i tenesta til den enkelte. Den som vert tilsett skal tilretteleggje og delta i bebuarane sine aktivitetar, både arbeid og fritid/fysisk aktivitet. 
 
Arbeidet består også av praktiske gjeremål i bustad og andre oppgåver delegert frå leiar. 
 
Personlege eigenskapar
- positiv, fleksibel, sjølvstendig, like å arbeide åleine og i team.
- god på kommunikasjon, også den utan ord.
- gode evner til å følge instruksar, prosedyrar og dokumentere desse.
- takle akutte situasjonar og skape ro i situasjonen.
- arbeide systematisk etter dagleg arbeidsplan.
- like å vere ute og vere i fysisk aktivitet.
- gode ferdigheitar i norsk, både skriftleg og munnleg.
 -ha kjennskap til helse og omsorgstenestelova Kap 9
- ha evne og vilje til å samarbeide med pårørande og andre instansar
- ha sertifikat, og skal vere sjåfør for brukar (ikkje eit absoultt krav i alle avdelingane)
- engasjement for brukargruppa
- interesse for frilutsliv og utandørs aktivitetar
 
Personlege eigenskapar vert vektlagt
 
Menn vert oppmoda om å søkje.
 
Lønn og tilsettingsvilkår
Løn etter utdanning og praksis i henhold til HTA.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
 
Andre opplysningar
Det er ein fordel å ha jobba etter åtferds terapeutiske tilnærmingar.
 
Ved intern rekruttering kan det bli ledig andre stillingar. Skriv i søknaden dersom du ynksjer å bli vurdert i høve andre stillingar. 
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 09.03.2020 Utlyst dato 19.02.2020 Vårref 1062
 
Kontaktperson
Marita Opheim, Leiar for bu- og miljøtenesta, tlf: 99521531, mobil: 99521531, marita.opheim@ardal.kommune.no