A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Miljøterapeut NAV og psykisk helse - 100% vikariat

Det er ledig 100% vikariat for miljøterapeut i Nav frå snarast og inntil 1 år.
Dersom det blir intern tilsetjing, kan det bli ledig anna stilling i NAV / psykisk helse. Skriv i søknaden om du eventuelt er interessert i ei slik stilling.

Årdal kommune har organisert rusarbeidet sitt i NAV, medan det psykiske helsearbeidet er organisert i eiga eining
under tenesteområdet bu- og miljøtenesta.

Stillinga vert ein del av eit oppfølgingsteam i arbeidet med målgruppa.

Søknadsfrist: 22. mai 2017.

Arbeidsoppgåver
Arbeidet består i miljøarbeid med menneske med rus og psykiske lidingar. Brukarane har behov for samordna
tenester.
Det vert lagt vekt på tett samhandling med brukarane og på brukarnære metodar.
Miljøterapeuten driftar og koordinerer fysisk aktivitet / trening knytt til målgruppa. Samtaleoppfølging og praktisk bistand i bustad er og ein del av stillinga.

Arbeidet er primært lagt til dagtid, noko kveldsarbeid må likevel påreknast.

Kvalifikasjonskrav
Utdanning på høgskulenivå, primært 3-årig helse- og sosialfagleg.

Den som blir tilsett bør ha:
- erfaring innan arbeidsfeltet
- kjennskap til gjeldande lovverk: lov om helse- og omsorgstenester, lov om psykisk helsevern
- interesse for fagfeltet

Må ha førarkort og disponere bil.

Personlege eigenskapar
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig, målretta og relasjonsbyggande.
- Gode samarbeidsevner
- Gjennomføringsevne

Lønn og tilsettingsvilkår
Løn etter utdanning og praksis, jfr HTV.
Fleksibel arbeidstid.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Andre opplysningar
Stillinga er organisatorisk lagt til Nav.
Politiattest vil bli krevd, jfr Lov om helsetenester.
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Mette Hestetun Berg, Leiar for Nav Årdal, mobil: 97019648, Mette.Hestetun.Berg@ardal.kommune.no
Silje Berge, Ruskonsulent, tlf: 57016471, Silje.Berge@ardal.kommune.no

 

Tips ein ven Skriv ut