A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Midlar til Turskiltprosjektet 2017

turskiltprosjekt_256x118

Gjensidigestiftelsen har vedteke å forlenge Turskilt prosjektet til ut 2018. Fylkeskommunen og Gjensidigestiftelsen har i 2017 sett av kr 900 000. - til turskiltprosjekt i Sogn og Fjordane.

Søknadsfrist 15. februar.

I år skal det søkjast via Miljødirektoratet sine nettsider: Turskiltprosjektet 2017

Kven kan søkje?

  • Friviljuge organisasjonar og foreiningar (idrettslag, speidarforeiningar, grendelag, velforeiningar, turlag osv.) registrert med organisasjonsnummer i det offentlige frivillighetsregisteret.
  • Interkommunale friluftsråd.
  • Kommunar, reiselivsorganisasjonar, hytteforeiningar og andre interessentar kan søkje saman med ein friviljug organisasjon(kategori1) el. eit interkommunalt friluftsråd (kategori2).

Kva vert støtta?
Prosjektmidlane skal gå til merking og skilting av turruter i tråd med:

Merkestandarden og manualen byggjer på Merkehandboka sine retningsliner og råd for skilting og merking, samt eit verkty for gradering som tek omsyn til vanskegrad.
Støtta går berre til innkjøp og produksjon av skilt, merking og infotavler (inkludert innfestingsmateriell/anna festemateriell) samt til informasjon knytt til tavlene og til turkort, sjå Manual – Turskiltprosjektet.

Det vert ikkje gjeve støtte til anna infomateriell, utbetring av sjølve turruta, marknadsføring eller til planlegging.

Alle typar turruter som er omtalt i Merkehandboka kan få støtte.

Tips ein ven Skriv ut