A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Tenesteskildring

Matombringing

Føremålet med tenesta
At brukaren opprettheld eit tilfredstillande kosthald i det daglege.

Kven får tenesta
Målgruppa for matombring er menneske som på grunn av alder, sjukdom eller funksjonshemming treng hjelp til å oppretthalde eit tilfredsstillande kosthald i det daglege.

Korleis få tenesta
Tenestetorget/kommunehjørna har søknadsskjema.
Ein kan også få søknadsskjema ved Årdal sjukeheim og Årdal bu– og omsorgssenter.
Søknad skal sendast på eige skjema. Alle søknader vert vurdert med eit heimebesøk.
 
Kva  omfattar tenesta
Utlevering av middag til heimebuande brukarar.
 
Forpliktingar for brukar
Gje beskjed i god tid dersom du ikkje skal ha middagsombringing.
 
Pris/kostnad/tilskotsordningar


Heimelsgrunnlag for tenesta
Lov om sosiale tenester §§4-3 og 4-2a
Forvaltningslova

Når ting ikkje fungerer
Dersom du ikkje får den tenesta du har krav på i følgje vedtaket, kan du ta kontakt med kjøkkensjefen på tlf. 959 67 114.

Klage
Finn du grunn til å klage på vedtaket, ta kontakt med leiar 941 43 120.
Her får du råd og rettleiing.
 
Brosjyrar, anna/meir informasjon
Du kan finna informasjon på Årdal kommune si heimeside.
 
Praktiske opplysningar
Kjøkkensjef ved Produksjonskjøkken: tlf. 458 79 382
Produksjonskjøkken: tlf. 959 67 114
Avdelingssjukepleiar, Sone 1 (ÅBO): tlf. 458 75 666
Avdelingssjukepleiar, Sone 2 (Øvre Årdal): tlf. 458 79 344
Avdelingssjukepleiar, Sone 3 (Årdalstangen): tlf. 97092155