A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Politikk/Val 2019/Manntal

Manntal

Utlegging av manntalet til offentleg ettersyn i Årdal kommune.

Etter vallova § 2-6 (1) skal valstyret legge manntalet ut til offentleg ettersyn så snart det let seg gjere etter skjeringsdatoen 30. juni. 
Dersom du ikkje står i manntalet, kan du ikkje røyste ved kommunestyre- og fylkestingvalet.

Du kan undersøkje om du står i kommunen sitt manntal frå og med 15. juli. Manntalet ligg til gjennomsyn på Årdal bibliotek og Tenestetorget, og vert liggjande ute til og med valdagen 9. september 2019.

Har du flytta til ein anna kommune og melding om flytting ikkje er registrert i folkeregisteret innan 30. juni 2019, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Då kan du velje om du vil røyste på valdagen i den kommunen du har flytta frå, eller om du vil førehandsrøyste.

Dersom du meiner at du sjølv eller nokon andre er feil innført eller ikkje står i manntalet i kommunen, kan du krevje at valstyret rettar opp feilen jf, valglovens § 2‐7. Kravet skal vere skriftleg og grunngjevast.

Adressa til valstyret er: Årdal Valstyre, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen.

Tips ein ven Skriv ut