A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Lyst til å vere veterinær i Sogn?

To ledige stillingar som veterinær til vaktdistrikt Årdal, Lærdal og Aurland.
For vaktdistrikt Årdal, Lærdal og Aurland ligg det føre ein kontraktsperiode frå 1.1.2018-31.12.2021. Me har tredelt vakt.
Søknadsfrist 15. februar 2018. 

Til denne vakta treng me to nye veterinærar. Ein med start snarast og ein med start frå 1.april 2018.

Kommunane har ansvar for å organisere ei klinisk veterinærvakt. Ordninga med veterinærvakt er etablert i høve lov av 15.juni 2001 nr 75 om veterinærar og anna dyrehelsepersonell §3a.

Om vaktdistriktet
Me har ein god del småfe – sau og geit, nokre storfebesetningar og kjæledyr som treng behandling i vakttida. Det er sesongbasert arbeidsoppgåver med travel lamming, roleg sommar og inseminering på storfe vinterstid.

Vaktdistriktet kan tilby kommunal støtte til vakt på dagtid. Me vil og hjelpe til med å skaffa bustad.

Lærdal ligg vakkert til innerst i Sognefjorden. For friluftsinteresserte er det eit ypparleg utgangspunkt for fantastiske naturopplevingar, både sommar som vinter med jakt, fiske, skisport, fjellvandring, fjellklatring og padling. Kommunen har og eit rikt kulturtilbod, med aktive lag og organisasjonar.

Dersom du har lyst til å komma til Lærdal å delta i veterinærvakta, ber me om at du melder di interesse snarast og innan 15. februar 2018. For meir informasjon ta kontakt med landbrukssjef Magnhild Aspevik på telefon 57641200 eller på e-post til post@laerdal.kommune.no.

Søknad til:
Lærdal kommune, Postboks 86, 6886  LÆRDAL
Søknadsfrist 15.2.2018

Tips ein ven Skriv ut