A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Luktproblem

Motteke meldingar frå publikum om sjenerande lukt.

Årdal kommune har motteke meldingar frå publikum om sjenerande lukt frå Sunde Resirk a.s. sitt anlegg i Øvstetunsvegen.
Løyvet som er gjeve til dette anlegget tilseier at det ikkje skal vere sjenerande lukt.
Fylkesmannen som skal føre tilsyn med verksemda vart raskt varsla om luktproblema, og dei har hatt dialog med eigar og miljøverndepartementet.
Det vert no iverksett tiltak for å fjerne årsaka til den sjenerande lukta som kjem frå anlegget. Det er eit biprodukt frå ein kunde som har vorte mellomlagra på anlegget, som er årsaka.
Dette vert no fjerna fortløpande, og skal vere transportert vekk i løpet av august månad.

Rådmannen

Tips ein ven Skriv ut