A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Leiar for team - tenester til funksjonshemma

Det er ledig 100% stilling som leiar for team til 2 personar som treng bistand heile døgnet. Bistanden vert gjeven i brukarane sin heim på ÅBO som personleg assistanse. I tillegg skal leiar for team vere ressursperson for BPA-tiltak for funksjonshemma.

Søknadsfrist 7. november 2016.

Det er arbeid på dagtid, stillinga har høve til å nytte fleksitidsreglementet.

Arbeidsoppgåver
Dagleg oppfølging, medisinsk pleie, omsorg og stell til personar med alvorleg sjukdom. Særleg ansvar for å sjå til at heildøgns omsorgstenester vert gitt i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar. Sikre god dialog med brukarar, pårørande og tilsette. Ansvarleg for opplæring, rettleiing og anna personalarbeid knytt til eininga. Budsjettansvar for eininga, ansvar for å avklare råmer og fordele oppgåver og ressursar innanfor råma. Utarbeiding og søknadar om godkjenning av turnus.

Kvalifikasjonskrav
Fortrinnsvis autorisert vernepleier eller sjukepleier med relevant erfaring og kompetanse. 
Det er ynskjeleg med kompetanse og erfaring med rettleiing, men det er ikkje eit krav.

Personlege eigenskapar
Me søkjer etter deg:
- som torer å ta ansvar og greier å setje deg inn i brukaren sin situasjon.
- som er positiv og fleksibel.
- som likar å arbeide både sjølvstendig og i team. 
- som har evne og vilje til god relasjon og dialog med brukar, pårørande og tilsette. 
- som har gode evner til å utarbeide prosedyrar og retningsliner. 
- som har gode ferdigheitar i norsk, skriftleg og muntleg.
- som har gode IKT kunnskapar.

Det er ynskjeleg at den som blir tilsett har erfaring med kommunal forvaltning/drift og gjeldande lov og avtaleverk. Leiar må utarbeide grunnturnus og turnus for helg og høgtider. Leiar må ha evne og vilje til tett dialog med fagforeningane og andre samarbeidspartar som fastlege og helse Førde.

Andre opplysningar
Arbeidsstaden er ved ÅBO i Øvre Årdal. I tillegg vil det vere noko oppfølging av heimebuande med brukarstyrt personleg assistanse i Øvre Årdal. Den som vert tilsett vil få tilbod om kurs og opplæring både i og utanfor Årdal.

Kontaktperson
Marita Opheim, Leiar for Bu- og miljøtenesta, tlf: 90807056, marita.opheim@ardal.kommune.no

Elektronisk søknad via rekrutteringsløysinga vår.

Tips ein ven Skriv ut