A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Leiar for barneverntenesta

Ledig stilling

Ledig 100% stilling som leiar for barneverntenesta. Søknadsfrist 05.09.2016.

Arbeidsoppgåver
Arbeids- og ansvarsområde er blant anna:
Barnevernsleiar er fagleg og administrativt ansvarleg for barneverntenesta i kommunen.
Delegert personal- og budsjettansvar, samt tilsetjingsmynde.
Ansvar for økonomisk styring av eininga, med budsjettering og nødvendig rapportering, samt skape eit godt
samarbeidsklima både internt og eksternt.
Tenesta har i dag 3 fagstillingar i 100% utover stillinga som barnevernleiar.

Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer etter ein person som har:
-  sosialfagleg utdanning eller anna relevant høgskule eller universitetsutdanning
-  leiareigenskapar, leiarerfaring og helst leiarutdanning.
-  erfaring frå barnevernsarbeid, plan og utviklingsarbeid.

Personlege eigenskapar
-  Personlege eigenskapar som fleksibilitet, samarbeids- og gjennomføringsevne
-  Strukturert og ryddig arbeidsform
-  Evne til nytenkning, samt at du trives med nye utfordringar

Lønn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtale der kompetanse og praksis vert vektlagt.
2% vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Det må påreknast noko arbeidstid på ettermiddag/kveld.
Den som vert tilsett må disponere eigen bil og leggje fram godkjend politiattest, jfr Lov om barnevern § 6 -10.
Stillingsnemning og innhald kan bli endra som følgje av organisasjonsendringar.
Tilsetjinga skjer på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og avtalar.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar i høgre meny på Årdal kommune.
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg
deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt
passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Olve Fossedal, tlf: 57665010, mobil: 99102850, olve.fossedal@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut