A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Helse og omsorg/Helse/Legekontor/Legevakt

Felles legevakt er starta opp

Felles legevakt på Lærdal sjukehus for kommunane Aurland, Årdal og Lærdal.
Legevakt har telefonnr 116117

Trur du at du treng time i løpet av dagen eller neste dag skal du ta kontakt på ordinær telefon 57 66 53 90.

Dei som har behov for legehjelp på ettermiddag, kveld, natt og helg -/høgtidsdagar møter på legevakta på Lærdal sjukehus. Når du kjem til legevakta skal du gå inn hovudinngangen på sjukehuset og venterommet er like innom døra. Lokala til legevakta er i same området.

Timebestilling og andre spørsmål til legekontoret er som før på telefon 57 66 53 90  i opningstida.

Legevakt for Årdal, Lærdal og Aurland
Legevakta for dei tre kommunane Årdal, Lærdal og Aurland vil vere felles, og den vil vere lokalisert til Lærdal Sjukehus i 1. etg. Dei tre kommunane vil samarbeide om vaktberedskapen, og lege i vakt vil vere tilstades på sjukehuset ettermiddag etter kl 15.30, natt og helg. I kontortida har den einskilde kommune legevakt som før. Dette vil føre til at dersom ein har behov for legehjelp utanom kontortid er oppmøtestad Lærdal. Lege vil framleis komme heim til pasienten dersom dette er naudsynt.

Legevaktsentral
Ein legevaktsentral er ein telefonsentral som handterar henvendingar til legevakt. Det vil seie at dersom ein treng helsehjelp, og ikkje kan vente på time hjå fastlege, skal ein ringe legevakta, og kjem då til legevaktsentralen lokalisert til Lærdal. Ved legevaktsentralen jobbar det sjukepleiarar, og dei har opplæring i å handtere slike henvendingar. Dei har og hjelpeprogram og oppslagsverk som dei nyttar for å kunne gje så rett hjelp som mogeleg. Dersom ein har ringt legevaktsentralen vil ein kunne få råd og rettleiing, få formidla kontakt med lege, eller samtalen vert overført til AMK – sentralen dersom det er akutt behov for helsehjelp.

Tips ein ven Skriv ut