A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Opningstider

Legekontoret

Årdal legekontoret held fram med endra drift som følge av koronapandemien. Alle tiltak som er sette i verk er for å redusere smittefaren mest mogeleg.  
Legekontoret har organisert arbeidet slik:

Kvar dag er det ein lege som har ansvar for pasientar med luftvegssymptom. Då desse pasientane krev særlege smittevern tiltak, har legen ikkje hatt andre pasientar den dagen. Dette vert no lagt noko om, slik at legen har tid til vanlege pasientavtalar på føremiddagen og pasientar med luftvegssymptom siste del av dagen.  

Ein eller to legar tar imot pasientar til konsultasjonar, avsett tid til timeavtalane er noko auka.

Ein lege har daglegevakt.

To eller tre legar har heimekontor med telefon- og videokonsultasjonar. Me gjer merksam på at også slike konsultasjonar medfører eigenbetaling for pasienten

Summen av desse tiltaka fører til at det vert færre timar til fastlegane sine listepasientar, og at rutinekontrollar vert utsette. 

Tiltaka som er sette i verk skal hindre for mange pasientar på venterommet og unngå at fleire pasientar vert henta inn til legetimen samstundes. 
Me ber difor alle om ikkje å møte utan avtale, men om å ta kontakt på telefonen først. Dette for å hindre at personar som kan spreie smitte kjem på venterom og i resepsjonsluka.

Ein må ha avtale for å ta blodprøvar.

Denne driftsforma vil vare så langt me har planlagt til medium august, men det kan komme endringar i tråd med tilrådingar frå Helsedirektoratet 

Telefon: 5766 5390.
Opningstider på telefonen 08.00 - 12.00 og 13.00 – 14.30.
____________________________________________________________________________


Opningstidene for ekspedisjon/luke gjeld ikkje no under Korona, da må ein følja dei retningslinjene som står ovanfor. 

Legekontoret har fylgjande opningstider;

  Årdal legekontor
Telefon: 57 66 53 90
   
       
  Sentralbord/Timebestilling
 
Ekspedisjon/luke
 

Blodprøve (avtale med lege)

Måndag 08.00-12.00 og 13.00-14.30 08.00 - 15.00
Mellom kl. 1200 - 1300 er det kun akutte henvendelse

08.30 - 11.30

Tysdag 08.00-12.00 og 13.00-14.30 08.00 - 15.00
Mellom kl. 1200 - 1300 er det kun akutte henvendelse

08.30 - 11.30

Onsdag 08.00-12.00 og 13.00-14.30 08.00 - 15.00
Mellom kl. 1200 - 1300 er det kun akutte henvendelse

08.30 - 11.30

Torsdag 08.00-12.00 og 13.00-14.30 08.00 - 15.00
Mellom kl. 1200 - 1300 er det kun akutte henvendelse

08.30 - 11.30

Fredag 08.00-12.00 og 13.00-14.30 08.00 - 15.00
Mellom kl. 1200 - 1300 er det kun akutte henvendelse

08.30 - 11.30

 

Legevakt: Øyeblikkeleg hjelp:

116117

113