A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledige vikariat i barnehagane

Ledig stilling

Ledig vikariat/engasjement som fagarbeidar/assistent i barnehagane i Årdal kommune.
Stillingane er mellom  30% og 100%.

Kvalifikasjonskrav
Det er ei føremon med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre med anna relevant utdanning/praksis kan og søkje.
 
Me ønskjer personar som har gode samarbeidsevner og er fleksible, må kunne arbeida sjølvstendig og ha gode evner til å sjå enkeltbarn og heile barnegruppa.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Som fagarbeidar er løna fortida frå kr. 338 800,- til kr. 409 200,-, og som assistent mellom kr. 293 500,- til kr. 396 200,- i 100% stilling.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Me tilbyr
trivelig arbeid med ungar i ein hektisk kvardag og godt arbeidsmiljø
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 05.11.2018
 
Kontaktperson
Solveig Hunshammer, Styrar i Einehaugen barnehage, tlf: 45879337, shu@ardal.kommune.no
Reidun Moheim, Styrar i Farnes barnehage, tlf: 45879338, rmo@ardal.kommune.no
Ine Hillestad Aannevik, Styrar  Ve barnehage, tlf: 97181176, iaa@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut