A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Generell informasjon/Ledige tomter

Tomter

Kommunen har utbyggingsklare tomter i Seimsdalen og i Utladalen.

Tillegg som gjeld for begge bustadområda:

  • Tilknytning av vatn/kloakk
  • Oppmåling av tomt, kartforretning
  • Tinglysing av festeavtale og målebrev
  • Byggegebyr
  • Årleg festeavgift
Tomten kan løysast inn etter 10 år.
Eventuelle avgifter knytt til el-tilkobling, ta kontakt med Årdal Energi KF tlf. 57648600.

Seimsdalen

Årdal kommune opparbeidde i 1987-89 bustadfeltet Seimshagane i Seimsdalen med 104 bustadtomter.

Formannskapet vedtok i sak 040/13 å vidareføre reduksjon i refusjonskravet på tomteteknisk arbeid frå kr.120,- pr. m2 til kr.10 pr. m2 på bustadtomtar i Seimshagane bustadfelt i Seimsdalen med verknad frå 1.januar 2013.

Ordninga gjeld i 3 år, dvs. for dei som får tildelt tomt i 2013, 2014 og 2015 og som set i gang bygging innafor gjeldande regelverk som er 1, eitt år, rekna fråtildelingsdato.
Det er ulik storleik på festetomtane.

Refusjon for opparbeiding av veg, vatn og kloakk er sett til kr 10,- pr m2. Prisen dekker opparbeiding av veg, vatn og kloakk.
Døme: kr 7.000,- for ei tomt på 700 m2.

 

To av dei ledige tomtane er merka med grøn sirkel. Dette er fordi den øvste del av desse tomtane ligg innafor skredutsett område, sjå siste vedlegg. Her må huset plasserast på nedre del av tomtane (raud farge). På øvste del av desse tomtane kan det førast opp garasje, (mørk farge), slik som det nybygde nabohuset. Huset må plasserast i samråd med kommunen. Spørsmål om dette kan rettast til Jan Roy Dalheim, tlf 91133788.

Tomtane som er merka med raud sirkel kan byggast på, her er det ikkje skredfare.
Kart over ledige tomtar Seimshagane

Utladalen

Årdal kommune har opparbeid kommunale festetomter på Temmersletti i Utladalen, Øvre Årdal. Det er ulik storleik på festetomtane.

Refusjon for opparbeiding av veg, vatn og kloakk er sett til kr 160,- pr m2.
Døme:kr 112.000,- for ei tomt på 700 m2

Kart over ledige tomter Temmersletti

Reguleringsplan Temmersletti

Tips ein ven Skriv ut