A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledige stillingar ved grunnskulane

Ledig stilling

Det vert ledige lærarstillingar frå 01.08.2018.
Årdal kommune har 2 grunnskular, Farnes skule i Øvre Årdal og Tangen skule på Årdalstangen.
Søknadsfrist 12.03.2018.

Arbeidsoppgåver
Stillingane som lærar har arbeidsoppgåver knytt til undervisning både på barnesteget og ungdomssteget.
 
Kvalifikasjonskrav
For undervisningsstillingar er det krav om godkjent lærarutdanning ihht. Forskrift til opplæringslova 
Kap. 14, og me søkjer etter lærarar med allmenne fag. Me oppfordrar menn til å søkje.
 
Dei som vert tilsett, må kunne legge fram godkjent politiattest av nyare dato.
 
Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på gode samarbeidsevner og evne til å skape gode relasjonar.
Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju.
For nytilsette i Årdal kommune er det ei prøvetid på 6 månadar
 
Me tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar.
- løns- og arbeidsvilkår ifl. gjeldande lov, forskrift og tariffavtalar.
- gode pensjon- og forsikringsordningar (2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon)
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg 
deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt 
passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta 
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda 
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 12.03.2018.
 
Kontaktperson
Per Kristian Pedersen, Rektor, mobil: 90701139, per.kristian.pedersen@ardal.kommune.no
Jan Kåre Stedje, Rektor, mobil: 45974865, jan.kare.sttedje@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut