A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledige stillingar - Søknadsfrist 27.06.2016

Ledig stilling

Konsulent -  2 stillingar ved Årdal bibliotek og ein stilling som teiknspråklærar ved Farnes skule

* Konsulent - Årdal bibliotek
50% fast stilling og 50% vikariat. Desse to stillingane kan kombinerast.
Vikariatet er eitt sjukevikariat på ubestemt tid. Stillinga kan verte 100% fast stilling på sikt.

* Teiknspråklærar
Farnes skule er det ledig ei 100% stilling som teiknspråklærar eller lærar med tilleggsutdanning i teiknspråk.
 

Søknadsprosedyre
De kan trykka her, eller gå til ledige stillingar i høgre meny på Årdal kommune si heimeside.
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Tips ein ven Skriv ut