A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledige stillingar - Miljøterapeutar, Bu- og miljøtenesta

Ledig stilling

Det er ledig 1x89% stilling, og 1x83% stilling som miiljøterapeut ved avlastningsbustad, Grandane bufellesskap frå 01.05.2017.

Arbeidsoppgåver
I avlastningsbustaden arbeider teamet rundt ein brukar som har behov for tenester. Arbeidsoppgåvene er å gje pleie og omsorg i alle daglege gjeremål når brukar er i avlastning. Brukar er ung og har som alle born og vaksne trong for å ha ei aktiv fritid. Ein del av arbeidsoppgåvene består derfor i å hjelpe brukar til å ha ei aktiv og meiningsfull fritid. Familien har hytte, dei som arbeider i avlastningstiltaket må derfor vere villig til å vere med brukar på hyttetur om lag 1 gong i månaden.

Kvalifikasjonskrav
Me  søkjer personar med autorisasjon som vernepleiar, eller med pedagogisk utdanning. Det kan på sikt bli aktuelt
med eit kombinert skule/avlastningstilbod, det er derfor ønskjeleg med pedagogisk kompetanse i teamet.

Ellers søkjer me personar som:
 - er sporty og aktive i ulike idrettar
- likar å vere ute og vere i fysisk aktivitet
- er positive og fleksible
- har gode evner til kommunikasjon
- har empati og forståing for personar med nedsett funksjonsevne
- har erfaring frå arbeid med personar med nedsett funksjonsevne
- har gode evner til å følgje instruksar, prosedyrar og dokumentere desse
- arbeider systematisk etter dagleg arbeidsplan og har god teknisk innsikt
 - har sertifikat og meistrer å køyre stor bil
- har evne og vilje til tett samarbeid med pårørande

Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter HTA
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.

Andre opplysningar
I
 avlastningstiltaket er det medleverturnus med vakter på inntil 72 timar.
Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.
Me oppmodar spesielt menn å søkje.


Søknadsfrist    12.01.2017                                 Utlyst dato        28.12.2016                           Vårref                  862

Kontaktperson
Marita Opheim, Leiar for spesialomsorg, tlf: 57665072, marita.opheim@ardal.kommune.no
Camilla Vee, Leiar verna bustader Grandane, mobil: 99 10 79 97, camilla.vee@ardal.kommune.no

 

Tips ein ven Skriv ut