Ledige stillingar - Fagarbeidar/assistent i barnehagane

søknadsfrist: 27.01.20

Ledig stilling
Me har ledig desse stillingane i barnehagane
 
Uravegen barnehage:
100% stilling i vikariat som fagarbeidar/assistent i perioden 09.03 - 06.04.21 (med mogeligheit for fast tilsetjing)
 
Årdalstangen barnehage:
60% stilling i vikariat som fagarbeidar/assistent med tiltreding snarast råd og fram til 15.08.20
 
Einehaugen barnehage
20% fast stilling som fagarbeidar/assistent med tiltreding 15.08.20
 
Farnes barnehage:
70% fast stilling som fagarbeidar/assistent med tiltreding snarst råd
 
Kvalifikasjonskrav
Til stillingane som fagarbeidar/assistent er det ei føremon med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre med anna relevant utdanning/praksis kan og søkje.
 
Me ønskjer personar som har gode samarbeidsevner og er fleksible, men må og kunne arbeida sjølvstendig og ha gode evner til å sjå enkeltbarn og heile barnegruppa.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Stillingane er løna etter HTA.
Løn som fagarbeidar er mellom kr. 350 800 - kr. 430 000,-
som assistent mellom kr. 301 500,- - kr. 405 100,-
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Me tilbyr
trivelig arbeid med ungar i ein hektisk kvardag og godt arbeidsmiljø.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no.
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Kontaktperson
Anne Gerd Jevnaker, Styrar i Uravegen barnehage, mobil: 45879340, agje@ardal.kommune.no
Reidun Moheim, Styrar i Farnes barnehage, tlf: 45879338, rmo@ardal.kommune.no
Solveig Hunshammer, Styrar i Einehaugen barnehage, tlf: 45879337, shu@ardal.kommune.no
Turid Natvik, Styrar i Årdalstangen barnehage, mobil: 45879408, tna@ardal.kommune.no