A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledige stillingar - Barnehagelærar/pedagogisk leiar

Søknadsfrist: 27.01.20

Ledig stilling
Me har ledige desse stillingane i barnehagane
Årdalstangen barnehage:
100 % fast stilling som pedagogisk leiar.
20 % vikariat som barnehagelærar frå snarast  - 15.08.20. 
  
Einehaugen barnehage
100 % fast stilling som pedagogisk leiar 
100% fast stilling som barnehagelærar
20% fast stilling som pedagogisk leiar
 
Ve barnehage:
20% fast stilling som pedagogisk leiar

Kvalifikasjonskrav
Til stillingar som barnehagelærar/pedagogisk leiar vert det krevd utdanning som barnehagelærar.
 
Me ønskjer personar som har gode samarbeidsevner og er fleksible, men må og kunne arbeida sjølvstendig og ha gode evner til å sjå enkeltbarn og heile barnegruppa.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Stillingane er løna etter HTA.
Løn som barnehagelærar mellom kr. 410 000,- - kr. 505 000,-
som pedagogisk leiar mellom kr. 430 000,- - kr. 515 000,-
Offentleg tenestepensjon og forsikringsordning.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Me tilbyr
trivelig arbeid med ungar i ein hektisk kvardag og godt arbeidsmiljø.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Kontaktperson
Turid Natvik, Styrar i Årdalstangen barnehage, mobil: 45879408, tna@ardal.kommune.no
Solveig Hunshammer, Styrar i Einehaugen barnehage, tlf: 45879337, shu@ardal.kommune.no
Ine Hillestad Aannevik, Styrar i Ve barnehage, tlf: 97181176, iaa@ardal.kommune.no